Kunst
Kunst som vert øydelagd
Nyleg vart installasjonen «Folkets talerstol» (2003) av Fabiola Charry og Brit Dyrnes kasta ved eit uhell. Verket vart utforma til hundreårsjubileet til LO og kjøpt inn av Trondheim kommune. Denne honnøren til ytringsfridom vart vist i knappe tre månader før verket vart stua vekk på lager, og no er det utruleg nok vekke for godt.
Dette er dessverre slett ikkje uvanleg. Koro – Kunst i offentlege rom er statens fagorgan for kunst i offentlege rom. Deira kartlegging frå 2014 viste at nær halvparten av kunsten i offentleg forvaring er borte, øydelagd eller feilplassert.
Etter at den drepande rapporten vart lagd fram, vart det lova bot og betring. Men ein treng berre ta ein rusletur i næraste park, skulegard eller byrom, så ser ein avflassa måling og mose, lydinstallasjonar som slutta å fungere for fleire år sidan, og installasjonar med opne sår etter element som har ramla ut. Og så har vi klassikaren det flotte måleriet som er plassert attom ei stor plastplante. Såleis går viktig kulturhistorie tapt. Å ta imot ei gåve eller kjøpe inn eit verk betyr ei verdsetjing. Og kva symboleffekt har det, når det offentlege lèt kunsten sin gå for lut og kaldt vatn?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.