Å sjå meir enn me ser

Pengar, mot, teft og genuin kjærleik til kunst gjer at me i Bergen denne sommaren kan sjå ei kunstsamling som det rett og slett er vanskeleg å fatte den fulle verdien av, både kunstnarisk og økonomisk.

Paul Klee: «Innhegning for tjukkhudingar» (1940), olje på lerret, 30,5 x 70 cm.

Kunst

Midt blant fantastiske verk av norske og internasjonale kunstnarar fascinerer også samlaren Rolf Stenersen (1899–1978). Alt 15 år gammal kjøpte han sitt første Munch-måleri, for konfirmasjonspengane.

Banka på døra

Som 21-åring tente han ein formue på kjøp og sal av skipsaksjar. På same tid banka han, mot alle råd, på døra til Munch. Det må ha vore noko med Stenersen som gjorde at Munch sleppte han inn døra, og vidare inn i privatlivet. Dette var starten på eit livslangt vennskap.

Stenersen er mannen som på mange måtar står bak myten om Munch. Han skreiv boka Edvard Munch. Nærbilde av et geni, som kom ut i 1944. Her er fleire parallellar til Freuds bok om Leonardo da Vinci, med kunstnaren som androgyn, tilbaketrekt og med barndomstraume som igjen genererte skaparkraft.

Stenersen var forretningsmann, idrettsmann, forfattar, journalist og kunstsamlar. I 1936 donerte han samlinga si av nyare norsk kunst til Aker kommune. Store delar av denne samlinga finn du no på Munch-museet. Stenersen var då berre 38 år og framleis i starten på ein samlarkarriere som totalt strekte seg over seks tiår. I 1971 donerte han den nye samlinga, med verk av både nasjonale og internasjonale kunstnarar, til Bergen by. Alt den gongen var verdien over 50 millionar kroner. Det er verk frå begge samlingane som no er stilte ut i Bergen.

Kunstnarsjeler

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement