Kunst
Ei haustutstilling med preg av sjekkliste
Du veit aldri kva du får på den årlege haustutstillinga på Kunstnernes Hus i Oslo, men du veit at det blir heftige diskusjonar.
Irene Nordli: «Vessel nr 21» (2021)
Alle foto: Mona Louise Dysvik Mørk
Årets haustutstilling er nummer 136 i rekkja. I oppstarten var utstillinga ein protest mot eit fastgrodd kunstmiljø der embetsmenn hadde rolla som smaksdommarar med sterk kontroll over Christiania Kunstforenings utstillings- og innkjøpspolitikk.
Med blant andre Christian Krohg i spissen slo fleire kunstnarar seg saman, boikotta kunstforeininga og etablerte haustutstillinga, sterkt inspirert av liknande opprør mot Salongen i Paris. Målet var å skape rom for nye, forfriskande og kanskje sjokkerande tendensar innan samtidskunst.
Sårt eller stas
Juryen, med det nokså pompøse namnet Den Nasjonale Jury, består av ulike kunstnarar som blir valde inn for to år. Heile 2700 verk blei søkte inn i år, og juryen landa til slutt på 68 kunstnarar og kunstnargrupper. Dette er relativt få, men tanken var å gi den enkelte kunstnaren meir plass.
Kriteria for å delta er at ein bur i Noreg, at ein er norsk og busett i utlandet, eller at ein har ei anna tilknyting til Noreg. Dette er også ei salsutstilling. Det er ingen krav til utdanning eller medlemskap i ein kunstnarorganisasjon. Sånn sett har alle ein sjanse. Søknadene er anonyme, men samstundes vil mange verk vere relativt lette å spore til opphavspersonen. Kvart år blir dei refuserte oppgitte og peikar gjerne på at no er ikkje haustutstillinga relevant lenger. Å bli refusert eller invitert av ein jury med kunstnarar gjer nok dette ekstra sårt eller ekstra stas.
Arkitekturen til Kunstnernes Hus legg opp til forventningar. Bygningen ligg litt tilbaketrekt frå vegen, og ei brei trapp tek meg opp til første platå, som strekkjer seg langs heile frontveggen. Her sit enno folk ved kaféborda ein september ettermiddag, passeleg skjult bak slyngplantar og i ly for regnet under eit takutspring med varmelampar. Den gigantiske midtstilte steintrappa i foajeen toppar det heile når det gjeld å byggje spenning. Oppglødde folk er på veg ned, og mine eigne forventningar stig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.