Kunst
Kvifor så mange skjermar?
Pia Arkes «Arctic Hysteria», stillbilde frå videoverket, 1996.
Dette er ellevte gongen kunstbiennalen Momentum vert arrangert, den store internasjonale utstillinga som annakvart år breier seg friskt og spenstig utover store areal i Moss og omegn. I år er derimot det heile kraftig nedskalert, forståeleg nok, med tanke på pandemien. Utstillingsopninga har også vore flytta på fleire gonger.
Attpåtil har det vore ein del krøll med kuratoren denne gongen, utan at det er særleg interessant å gå nærare inn på dette her. Det er kan hende auka risiko for slikt, med avstanden og alle vanskar og forseinkingar vi opplever for tida. Men det er trist. Konflikten legg ein synleg dempar på entusiasmen og gleda som plar prege denne biennalen. Dette er også truleg årsaka til ein del småfeil i tekstane om utstillinga på nettstaden til galleri F15, det kan verke som om dette arbeidet er gjort i all hast.
Paradoksalt nok, med tanke på konflikten, er temaa for Momentum 11 samhald og utsyn.
For mange videoar
I og med at det er så som så med utlandsturar for tida, hadde eg sett fram til å endeleg sjå internasjonale verk i Moss. Og det fekk eg jo sjå, men i hovudsak på flate skjermar. Eg ville mykje heller ha sett fleire fysiske verk, verk som fyller romma. Video har vi vel sett nok av i denne tida.
Det var noko tungt å gå frå skjerm til skjerm, fleire framsyningar varte over timen. Dei gjekk i evig loop, og det var forvirrande å dukke rett inn i ein video og ikkje ane kvar ein var i forløpet. Det hadde vore fint om det var opplyst om lengde og kva tid filmen starta, så kunne ein planlegge utstillingsrunden ut frå dette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.