JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Som ein trojansk hest

I utstillinga til Britta Marakatt-Labba, Sylkvasse sting, er dei fleste verka broderi, men her er ingen søte blomar. Sting for sting får me ei sirleg framstilling av blodig alvor. Museumsvaktene står for ei eiga absurd framsyning som dessverre ikkje er dagens performance.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.

6941
20240621

Britta Marakatt-Labba

Samisk kunstnar og aktivist. Fødd i 1951 i Idivuoma i Sápmi

Studerte tekstilkunst ved Konstindustriskolan i Göteborg

Medgrunnleggar av den politisk radikale kunstnargruppa Mázejoavku (Masi-gruppa) i 1978. Aktiv deltakar i Alta-aksjonen

Arbeider hovudsakeleg med broderi, tekstil og litografi

Æresdoktor ved Umeå-universitetet i 2014. Internasjonalt gjennombrot på Documenta 14 i 2017. Fekk Prins Eugen-medaljen i 2020. Representert på Veneziabiennalen i 2022

Bur i Kiruna i Sverige

Utstilling

Britta Marakatt-Labba:

Bastilis sákkaldagat / Sylkvasse sting

Nasjonalmuseet
15. mars–25. august 2024

Britta Marakatt-Labba har sidan 1970-åra vore både kunstnar og miljøaktivist. I 1978 var ho med på å etablere den politisk radikale kunstnargruppa Mázejoavku, og ho tok del i Alta-aksjonane. Verket Kråkene frå 1981 blei laga som ein protest mot utbygginga av Alta–Kautokeino-vassdraget, og verket er i dag for mange eit symbol for kampen mot overgrep i statleg regi.

«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), broderi.

Alle foto: Mona Mørk

I dag er ho ein stor inspirasjon for yngre samiske aktivistar, og som kunstnar får ho stadig større anerkjenning. Deltakinga i samtidskunstutstillinga Documenta 14 i Tyskland i 2017 var eit internasjonalt gjennombrot. Marakatt-Labba var også representert i hovudutstillinga på Veneziabiennalen i 2022 med blant anna verket Global oppvarming frå 2021, som me også kan sjå på Nasjonalmuseet.

«Máilmmi liegganeapmi II / Global oppvarming II» (2021), broderi.

Maktforhold

Utstillingsrommet i andre etasje er dunkelt belyst, og måten kunstverka er monterte på, er ved første augekast lite spennande. Ein kvitmåla, låg plankevegg dannar eit rom i rommet. På utsida av veggen heng innramma broderi på rad og rekkje, og litt utpå golvet finn ein nokre installasjonar.

Mange av broderia har motiv frå samisk kvardag og religion. Naturvern og klimaendringar er andre sentrale motiv. Her er klyngjer med telt, reinsdyr, endelause rekkjer av fotspor i snøen, skog, elv og høg himmel. Installasjonen Hendelser i tid representerer eit unntak i utstillinga med motiv frå massedrapet på Utøya i 2011.

Etter kvart ser me marerittscener med svære rotter som angrip sovande familiar, og i Kråkene ser me korleis fuglane gradvis forvandlar seg til politifolk etter kvart som dei nærmar seg små grupper med samar som sit samla på snøen utanfor telta sine. Det ujamne maktforholdet blir tydeleg.

«Garjját / Kråkene» (2021), broderi på lin.

Ikkje over

Kunstverka til Marakatt-Labba inviterer deg heilt nær for å studere detaljane i dei sirleg broderte stinga. Kunstverka har ein merkverdig kombinasjon av det forsiktige og det direkte. Det at ein må gå nær, myse og bruke tid før ein skjøner kva som blir framstilt, gir bodskapen ei eiga kraft.

Om motiva ofte ikkje er meir enn nokre millimeter store og teknikken vitnar om nøyaktig og tidkrevjande arbeid, så er bodskapen like tydeleg som om han var skriven med svære spraymåla bokstavar: Statlege overgrep mot samane har gått føre seg i fleire hundre år, og det er ikkje over.

Symbol og kodar

Fleire av menneska har raude toppluer, noko Marakatt-Labba ofte nyttar for å framstille kvinner som opp igjennom historia har tort å stå fram, heve røysta og kjempe for samiske rettar. I fleire broderi frå 2023 ser me vindmøller, og det er nærliggande å tenkje på Fosen-demonstrasjonane.

Her er ein del symbolikk som vil vere ukjend for dei fleste. Til dømes har enkelte menneske hender som liknar kvistar. På gamle runebommer er dette ein måte å skildre særleg kloke menneske på, men eg veit ikkje om det også er tilfelle i broderia til Marakatt-Labba. Her kunne eg ønskt meg meir informasjon i veggtekstane.

Forteljinga

I mange av broderia er det tydeleg at forteljinga er overordna, medan fargar og former er mindre viktige. Den sentrale handlinga er brodert, utan noka form for pynt. Dette kan gjere bileta vel enkle, men samstundes står det respekt av denne konsentrerte og direkte formidlinga.

I andre bilete kan det vere store blå sirklar som representerer universet, og vakre gule bogar som skal symbolisere tradisjonelle samiske trommer. Desse har sjølvsagt ein meir direkte appell, med eller utan innleving i forteljinga og bodskapen bak.

På innsida av den kvite plankeveggen er eit stort, svart telt som ein kan gå inn i. Den 25 meter lange broderifrisa «Historjá» (2003–2007) går som ei kvit linje rundt heile teltet og viser på same stillferdige måte historia til samane frå jaktsamfunn til reindrift og jordbruk, frå samisk religion til brutal kristning, og vidare til samtida med klimakrisa me alle deler.

«Historjá» (2003-2007), broderi på lin.

«Historjá» (2003-2007), broderi på lin.

Det visuelle er nøkternt, og her er ingen bakgrunnsmusikk som skal forsterke den dramatiske forteljinga. Her er eit avventande preg som er sjeldan i tida vi lever i, og nettopp derfor svært effektfullt. Det er opp til deg sjølv å føle.

Forstyrrande vakter

Er det nødvendig å ha denne mengda med breibeinte, svartkledde vakter med armane i kors og gravalvorlege andlet? Eg tviler på at ein kunsttjuv eller ein miljøaktivist med tomatsuppe på innerlomma lèt seg skremme, og for alle oss andre er dette både forstyrrande og ubehageleg.

Det er rett og slett vanskeleg å oppleve kunstverka utan å ha ei militant vakt i augekroken. På eit punkt toppar det seg med hektisk aktivitet blant vaktene kombinert med gravalvorlege andlet som får oss til å frykte ein katastrofe, før det viser seg at dei skal handtere ein attgløymd kaps. Takke meg til dei hyggelege vaktene på Kunstsilo, med gule og blå uniformer, som Ikea-tilsette.

Er det lov?

Mykje samisk kunst handlar om samisk historie, tradisjonar og kvardag. Eg kan lure på om enkelte samiske kunstnarar føler ein grad av press for å representere og vidareføre samisk kultur? Finst det ein ung samisk kunstnar som også er inspirert av japansk popkunst, og som utforskar personlege erfaringar som kjærleik, sjalusi, einsemd, fest og spetakkel?

Er den samiske historia for vond og for nær, og har kulturen for lenge vore såpass undertrykt at tida ikkje er inne for å leike seg med all slags inspirasjon? Er det lov å lure på dette, eller er det berre dumt og kunnskapslaust?

Snedig taktikk

Britta Marakatt-Labba nyttar ei form for overraskingstaktikk som kan vere svært effektiv når ein skal seie si meining til eit publikum som ikkje nødvendigvis er interessert. Dette minner meg om alt frå den trojanske hesten til Ludvig Holberg og Charlie Chaplin, som gjennom humor fekk publikum «på si side» før dei skaut inn kvass samfunnskritikk.

Om det var samfunnskritikk som stod på plakaten, hadde nettopp det publikummet dei ville treffe, styrt unna. Marakatt-Labba får deg tett på med sine miniatyrar og tilsynelatande koselege broderi, og den politiske bodskapen treffer deg før du rekk å få opp garden. Dette er både smart og verknadsfullt.

Mona Mørk

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis