Film
Kunsthallen
Gode skodespelarar og smarte manusskribentar har skapt ein dugande komedie av, med og for filmbransjen.
Penélope Cruz spelar filmregissøren Lola som må halde Félix (Banderas) og Iván (Martínez) i taumane.
Foto: The MediaPro Studio
Styrtrike Humberto Suárez (Gómez) har fylt åtti, men vil bli hugsa for noko meir evig enn det farmasøytiske storselskapet og nokre fjonge fond. Kanskje ei bru? Nei, ein film! Han kjøper rettane til ei kjend bok han ikkje gidd lese, og tilset den prisvinnande regissøren Lola Cuevas (Cruz), som han aldri har høyrt om.
Ho skal instruere den høgt akta skodespelaren Iván Torres (Martínez) og superstjerna Felix Rivero (Banderas). Dei to er rake motsetnader. I resten av filmen følgjer vi dei tre i det gigantiske, tomme signalbygget eigd av Suárez på øvingar før dei skal spele inn filmen.
Førre gong den argentinske duoen Mariano Cohn og Gastón Duprat hadde film på kino, var Æresborgeren (2016). Filmen handla om ein hylla argentinsk forfattar som kjem tilbake til heimbygda for meir hylling. Den arrogante kunstnaren kjem kjapt i konflikt med sambygdingane han eigentleg aldri ville sjå att.
I Official Competition er den kulturelle eliten aleine. Det hindrar ikkje konfliktar frå første augneblink. Dei enorme romma er scener for store ego og sterke meiningar om film og folk.
Iván hatar den vulgære, kommersielle Félix. Cuevas set kunsten framom alt og kvir seg ikkje for å trå over grenser for å nå målet sitt. Metalaga ligg tjukt, med skodespelarteknikkar og krangling om høg og låg kultur. Alt er medvite og presist, utan at dei heilt forlèt klisjeane som er utgangspunkt for utforskinga i kunstnarkomedien.
Høgdepunktet kjem når figuren til Oscar Mártinez fortel figuren til sjølvaste Antonio Banderas at han sjølv aldri vil vere den «eksotiske latinoen» i dumme Hollywood-filmar. Makan til metaangrep på ein karriere.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.