Litteratur

Kurt Narvesen (1948–2024)

Kurt Narvesen var Gud og diktarane sin Don Quijote, men Narvesen sin kamp hadde lite til felles med vindmølleparkane folk slåst om i dag.

Kurt Narvesen debuterte som lyrikar i 1975, men arbeidde òg som gjendiktar.
Kurt Narvesen debuterte som lyrikar i 1975, men arbeidde òg som gjendiktar.
Publisert

Kurt Narvesen vart fødd i Arendal 21. oktober 1948. Han døydde i Oslo 9. mai 2024.

Kurt Narvesen var Gud og diktarane sin Don Quijote, men Narvesen sin kamp hadde lite til felles med vindmølleparkane folk slåst om i dag. Det var livet sjølv det stod om; dette uhandterlege, ofte grufullt vonde livet der djevelen huserte i alle slags bitte små detaljar. Det var innsikter og erfaringar han formidla i dikt, gjendiktingar og aforismar, fulle av smil, humrande latter og varme, men også beiskt og mørkt.

Kurt Narvesen omgjekst med englar og gode hjelparar heile livet; dei var bandet til ei røynd han kjende best som observatør; dei kom godt med heilt til det siste. I diktsamlingane hans går Kristus-prinsippet, uttrykt som vilje til fridom under ansvar, som ein raud tråd. I diktet «Blake» uttrykker han forholdet han har til det overnaturlege:

Men Blake var da gal?
Tja – hvordan det?
Hva ville du ellers si om en som ser engler og demoner, Moses
og Elias rundt seg til daglig?
Jeg ville si han hadde usedvanlig godt syn!

Eller som i «Diktet» frå den siste samlinga, Favntak (1990):

Skriv det –
Skriv det rolig
i sand og slåpetorn,
les det for regnet.
Det eneste du trenger å
tro på
er alle tings
samhørighet,
alle tings uforgjengelighet.
Spill på en
vindharpe,
betro deg til gresset:
overalt blir du hørt
og besvart
overalt blir du form
for den som går
der du gikk –

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement