Kva betyr «kven er du»?

Return to Seoul er noko så sjeldan som eit skikkeleg spennande drama om adopsjon – og veldig mykje meir.

25 år gamle Freddie (Park Ji-min) har vakse opp i Frankrike og vender for første gong attende til landet ho blei fødd i.
25 år gamle Freddie (Park Ji-min) har vakse opp i Frankrike og vender for første gong attende til landet ho blei fødd i.
Publisert

Franske Freddie (Park) dumpar inn på ungdomsherberget der Tena (Han) jobbar, og dei går ut saman.

På kafeen kjem det fram at Freddie er adoptert frå Korea, at ho ikkje er der for å leita etter det biologiske opphavet sitt, at ho elskar å shotta soju, og at ho slit med både det eine og det andre.

Santé

Freddie har noko utprega fransk over seg, trass i at trekka hennar er asiatiske, eller urkoreanske, som kafegjestene påpeikar: stilen, hårfrisyren, framtoninga og – sjølvsagt – språket. Det er tydeleg at Freddie har ein viss forakt for den dårlege engelsken til bordkameratane, og ei særleg forakt for at dei «avslører» henne som adoptert.

Endå meir slit ho med å innrømma for seg sjølv at ho kanskje ikkje kom til Seoul aldeles på slump, at det er ein del av henne som ikkje kan slutta å tenka på kva gen ho har. Ein samtale med mor i Frankrike viser at kjærleiken til foreldra er sterk og ekte, men ikkje dermed uproblematisk.

Eg kan ikkje hugsa å ha sett ein spelefilm som så direkte tek opp adopsjon og dei mange identitetsdilemmaa det kan føre med seg for enkelte. Regissør Davy Chou er sjølv kambodsjansk-fransk, og redd for å trakka uti kan han umuleg vera, all den tid han ikkje sjølv er adoptert, men baserer historia på ei veninne som er det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement