Film

Kva er det vi ikkje må vite?

Kor lenge skal den norske staten halde misgjerningane sine skjulte?

Regissør Lena-Christin Kalle tek føre seg behandlinga av dei såkalla «tyskarjentene».
Regissør Lena-Christin Kalle tek føre seg behandlinga av dei såkalla «tyskarjentene».
Publisert Sist oppdatert

Glimt frå den 25. filmfestivalen

Den 25. utgåva av Bergen internasjonale filmfestival er gjennomført. Blant dei over 120 filmane publikum har kunna velja mellom, presenterer vi tre som kvar på sitt vis fortel noko om føresetnadane for verda og tida vi lever i.

Vi blir aldri ferdige med krigshistoria. Då er det godt at somme tek føre seg etterspelet, som inneheld skamplettar det helst ikkje skal snakkast om. Rett nok har det vore skrive litt om dei såkalla «tyskarjentene», men detaljar om korleis staten behandla desse kvinnene etter krigen, er 80 år seinare framleis klausulerte i norske arkiv. Visstnok av omsyn til etterkommarane, men mest truleg for å beskytte dei offentlege overgriparane og hindre at ålmenta får kunnskap om det som skjedde.

Innsynsavslag

Lena-Christin Kalle og produksjonsselskapet Aldeles har fått avslag på avslag på søknader om innsyn. Kalle oppdaga at nestkommanderande på den største interneringsleiren for desse kvinnene hadde teke vare på arkivet. Då Riksarkivet skjøna kva det inneheldt, klausulerte dei det for hundre år.

Ingen veit kor mange titusen norske kvinner som blei stempla som «tyskartøser» eller prostituerte etter frigjeringa, ei heller kor mange som på ulike vis blei straffa. Ikkje berre av gatejustisen, i form av skamklipping til offentleg forlysting, men endå hardare av staten, sjølve garantisten for rettstryggleik. Over heile landet blei dei arresterte og internerte. Det gjaldt ikkje berre dei som hadde vore kjærastar med tyske soldatar; det kunne vere nok til å bli angitt at dei hadde smilt til fienden eller gått på kino med ein av dei. Då var det annleis med brakkebaronane, som hadde tent grovt på å samarbeide med okkupanten. Dei slapp unna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement