Bok
Kvardagsabsurdisme
Det er nesten så eg skammar meg over ikkje å ha lese Gunnhild Øyehaug før.
Gunnhild Øyehaug har skrive ei rekkje romanar, noveller og essay.
Foto: Helge Skodvin
Gunnhild Øyehaug plasserer romanfigurane i Presens Maskin i parallelle univers. Dei fleste av dei finst i begge verdene, mens Anna og Laura, mor og dotter, er åtskilde, slik at dei ikkje veit om kvarandre. Laura forsvinn inn i eit slags ormehol som barn, eller er det kanskje ein ufo som tar henne? Eit eller anna mystisk skjer iallfall, slik at Laura forsvinn fullstendig frå Anna, både fysisk og som minne, alt grunna ei lita feillesing, ei forskyving i språket.
Sjølve tittelen, Presens Maskin, er òg basert på ei feillesing. Laura ser ei vegkostemaskin som det står «Presis Maskin» på, og Øyehaug koplar dette straks til det meir dramatiske «At ho kunne ta så feil (...)». I desse universa kan altså små forskyvingar føre til store endringar.
Språk og naturvitskap
Eigentleg er det dei små detaljane og hendingane i vanlege middelklasseliv i Bergen som er hovudsaka i romanen. Laura er ei ung kvinne som underviser i litteratur. Ho er gravid og bur saman med musikaren Karl Peter. Anna er forfattar, for tida jobbar ho med ein roman om språket, og ho bur i eit parallelt Bergen saman med mannen Jostein og dei to tenåringsbarna deira.
Handlinga er i seg sjølv rett fram og enkel, men krydra med både naturvitskap, språkfilosofi, utsegn om ufoar og rare, komiske hendingar som er akkurat på grensa til det absurde. Eg flirer mykje mens eg les, og eg blir imponert over korleis Øyehaug klarer å få det vesle, og ofte det såre, til å bli så underhaldande og sprekt på måtar eg tidlegare ikkje kan hugse å ha opplevd andre stadar enn i multikunstnaren Kim Hiorthøys kultbok, Du kan ikke svikte din beste venn og bli god til å synge samtidig. Eg synest faktisk det er smått genialt.
Dei små variasjonane
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.