Kven eig KI-kunsten?

Kunstig intelligens er i rivande utvikling, og i rusen er det tydelegvis lett å gløyme dei lovene som regulerer opphavsrett.

I 2023 gjekk dette bildet til topps i ein høgthengande fotokonkurranse. Fotografen Boris Eldagsen sa frå seg prisen og avslørte at det var laga med kunstig intelligens. Han hadde sendt inn bildet for å synleggjere kor lett det er å la seg lure.

Kunst

Publisert Sist oppdatert

I det siste året har det dukka opp mange alvorlege søksmål frå kunstnarar, aviser og bildebyrå mot firma som brukar KI-generatorar til å lage digitale bilde på basis av alt som ligg på nettet. Så langt har Getty Images fremma det desidert største søksmålet. Som den verdsleiande leverandøren av bilde hevdar Getty at millionar av bilda deira, trass i at alle er merkte med vassmerke, er misbrukte for å trene opp bildegeneratorane til firmaet Stability AI. I vederlag krev Getty den fantastiske summen 1,8 milliardar dollar. Verda følgjer med spenning med på denne saka. Om Getty når gjennom med krava sine, vil det få enorme konsekvensar for KI-firma.

Lovlandskapet kring KI-genererte bilde er enno svært uoversiktleg, og nye lover er i ferd med å verte utvikla. Dette er heilt nye problemstillingar. Det er berre tre år sidan tekst-til-bilde-generatorar som Dall-E vart tilgjengelege og gjorde at folk verda over kan lage realistiske bilde og kunstverk ved å skrive inn ein enkel tekst som skildrar det dei vil ha laga.

Såleis hastar det å få på plass lover, ikkje minst for å trygge åndsverka til kunstnarane. Samstundes gjer vi lurt i å følgje nøye med på korleis det nye lovverket vert formulert, for her er det lett å hive barnet ut med badevatnet. I alt hastverket med å få nye forordningar på plass kan det lagast lover som ikkje berre sikrar kunstnarar kontroll over arbeida – dei kan samstundes true måten frie, kreative prosessar har utfalda seg på gjennom heile kunsthistoria. Det å skape på basis av det andre har gjort, er sjølvsagt ikkje noko nytt. Det er berre ein myte at kunstnarlege geni syg det heile av eige bryst. Kunstnarar har til alle tider vore avhengige av å sanke inspirasjon frå mange kjelder for å skape noko nytt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement