Teater
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Tyske Marius von Mayenburg er ein dramatikar av det klassiske slaget, som i tradisjonen frå Ibsen avdekkjer fortida for så – ulikt Ibsen – å spele ut handlinga lag på lag, slik at vi lenge må vere usikre på kven som eigentleg skal «takast».
I tilfellet Ellen Babic, som er det nyaste stykket hans, går det lenge bra – inntil «aktor» på mindre overtydande vis brått bryt saman og syner sitt sanne eg. Men dramatikaren har endå eit kort på handa og lyfter på eit vis stykket igjen. Då står ikkje så mange vakre fasadar att.
Psykologisk avkleding
Ellen Babic er eit dialogdrive kammerspel for tre personar; den røynde gymnaslæraren Astrid (Kirsti Refseth), den mykje yngre sambuaren og tidlegare eleven hennar, Klara (Marie Blokhus, som ikkje er ung nok for rolla), og Astrids sjef, rektor Wolfram (Gard Skagestad).
Det handlar om makt og løgn, sjølvbedrag og manipulasjon, og eg kjenner meg ikkje trygg på at vi har fått sanninga då framsyninga er ferdig etter nærmare to timar.
Det er heilt greitt, og ingen veikskap ved teksten, for kven kjenner sanninga når det kjem til stykket? Og finst det éi sanning?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.