Film
Kven, kva, kvifor
Fritt fall er ein av dei filmane du ikkje legg frå deg så snart du har forlate kinosalen.
Samuel, Sandra og den elleve år gamle son deira har budd avsides i fjella det siste året, før faren døyr i eit fall.
Foto: Another World Entertainment
Etter ein tur med hunden finn den unge sonen, Daniel (Graner), faren omkommen tilsynelatande etter eit fall frå det høge sveitserhuset deira i Alpane. Kan det ha vore mora Sandra (Hüller) som dytta han? Kva vil forsvarsadvokat Vincent (Arlaud) koma opp med, og kva vil rettssaka konkludera med? Og vil konklusjonen nødvendigvis vera svaret på gåta?
Språking
Sjølv om det introduksjonsvis kan høyrast ut som ein krim, og sjølv om det på overflata også kan skildrast som eit rettsdrama, så er Fritt fall meir vanskeleg å definera så lettvint som nokon av desse. Filmen er til dømes fri for klassiske krimgrep som lada musikk og rask klypping, sjølv om ingenting av den grunn verkar tilfeldig.
Den naturlege framdrifta gjer at det kjennest som å vera vitne til eit forløp som det kanskje kunne fortona seg for «vanlege folk», noko som sjølvsagt er tilfellet i dei fleste tilfella. For korleis ser eigentleg ein kriminell ut når det er snakk om ein mogleg familietragedie som her?
For å gje dette tvisynet ansikt kunne regissøren knapt valt ein betre skodespelar enn Sandra Hüller. Eg kjenner ho best frå den fabelaktige Min pappa Toni Erdmann (2016), og ho er neppe teken ut tilfeldig. Berre at dei brukar språkforvirringa som kjem med å la ein tysk skodespelar spela i ein fransk film der ho for det meste snakkar engelsk – nemnde eg at ingenting er tilfeldig her?
Skulding
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.