Kvifor Vesten drog frå resten

Terje Tvedt skriv om vatn og Vestens vekst.

Kartet syner alle vassvegane i England.

Bok

Publisert

Kvifor blei England ei global stormakt? Kvifor kom England sigrande ut av Napoleonskrigane og la under seg halve jordkloden i åra som følgde? Det er stor semje om at eit viktig svar ligg i den industrielle revolusjonen. Det var den som dreiv britiske handelsmenn og soldatar ut i verda og la grunnlaget for over 200 år med vestleg dominans.

Men kva var det som dreiv fram den industrielle revolusjonen? Dette er eit av dei viktigaste spørsmåla i moderne historie og samfunnsvitskap. Det har fleire svar. Og kvart svar har ideologiske overtonar: Dei som trur på svaret, trur ofte òg at dei har funne nykelen til utvikling og redninga for verdas fattigaste land.

Vasshjul, ikkje damp

Karl Marx, Max Weber og ei heil rekkje andre samfunnsvitarar har studert den industrielle revolusjonen og søkt å klargjere årsakene til han. Fleire forklaringar har nedfelt seg i sosiologi og økonomi som teoriar for vekst og utvikling. I Historiens hjul og vannets makt viser Terje Tvedt korleis fleire av disse teoriane kviler på ei stor misforståing: Dei trur at dampmaskinen var den drivande krafta bak den industrielle revolusjonen. Men det er ikkje sant, skriv Tvedt.

Bokas empiriske kjerne er ei tidsline som tydeleggjer bruken av dampmaskinen i transport og industri. Tvedt dukkar inn i teknologi- og industrihistoria for å syne kva slags energikjelder som var avgjerande for utviklinga av fabrikkar og masseproduksjon under den industrielle revolusjon – det vil seie i åra mellom 1760 og 1820. I denne perioden var det vassvegar og vasshjul som var drivkrafta bak ekspansjonen av britisk industri.

Tvedt byrjar boka si med å syne at England var velsigna med gunstige føresetnader for handel og industri frå naturens side. At landet var prega av særskilde topografiske og hydrologiske forhold: av rikeleg med små og rolege elvar som ikkje fraus om vinteren, og med ei vassmengd som var rimeleg konstant på grunn av stendig regn. Landskapet var flatt, slik at britane kunne byggje kanalar som batt elvane samen i eit tett nettverk av vassvegar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement