Bok
Kvinnefrigjering i yrke og politikk
Hilde Bojers erindringsbok plottar inn dei store spørsmåla på norsk venstreside sidan 1945, frå sosialismeteori og atomprotest til kvinnesak og rettferdstenking.
Saman med biografien til Arnhild Skre, Berge Furre. Eit liv i rørsle, har me fått eit mangfaldig oversyn over ideane på venstresida i denne epoken, sett frå to sentrale aktørar og med alle dei dilemma, avvegingar og personkonfliktar som fylgde med. Det gjev innsyn og perspektiv.
Hilde Bojer er barnebarn til forfattaren av romanen Den siste viking, Johan Bojer, som levde frå 1872 til 1959. Av yrke er ho økonom. Dinest var ho ein av dei fremste SV-økonomane. Og til sist var ho gjennom heile livet politisk aktiv i SV (vald inn i Oslo bystyre i 1971, sat der i fem år og vart vara til Stortinget frå 1981 til 1989). Ho var også nestleiar i SV frå 1979 til 1983. På Stortinget var ho ein av dei fremste til å tala for kvinnerettferd og likeløn. Kvinnefrigjering er det samla temaet for aktivitetane hennar i yrkes- og politikarliv.
Statistikk
Etter eksamen underviste Bojer i statistikk på det namngjetne Sosialøkonomisk institutt (no omdøypt) ved Universitetet i Oslo. Der var flogvitne menn som Ragnar Frisch, Trygve Haavelmo og Leif Johansen i staben. I sjølvbiografien gjev ho fargerike skildringar av dette mannsmiljøet, som ho hadde gode røynsler med.
Haavelmo var bister og kritiserte alt og alle, men baud med seg mange til nobelfesten i Stockholm, medan Leif Johansen var vennesæl og hjelpsam. Diverre døydde han så altfor tidleg, 53 år gamal. At Johansen kunne vera kommunist, skjøna aldri Bojer. For den gåverike, disiplinerte forskaren skjøna kor irrasjonell sovjetøkonomien var. Dessutan var Sovjet eit diktatur. Det var Johansen som overtydde Bojer om at u-landa ikkje kunne ha von om framgang utan ein periode med proteksjonisme.
At Bojer hamna på Blindern, vart ikkje udelt god motteke i familien. Ei av tantene hennar kunne ikkje forstå at Hilde, som også hadde lese Shakespeare, kunne falla så djupt. Ho måtte vera esla til noko større enn å undervisa i the dismal science, økonomi. Akk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.