Bok
Kvinner som brenn
Olga Ravn fortel om trolldomsprosessar på 1600-talet.
Den danske forfattaren Olga Ravn har skrive ein slags litterær true crime om hekseprosessane.
Foto: Sara Galbiati
Den 12. oktober 1617 sende Kristian IV ut ei skjerpande forordning om «trollfolk og deres medvidere». «Trollfolk» vart definerte som menneske «som med diefvelen sin bebudning hafver eller med hannom omgaais», og dei «skal straffes paa deris hals uden ald naade!» I ein periode på om lag hundre år vart om lag 1300 menneske dømde og avretta etter slike skuldingar i Danmark-Noreg.
Vårt eige heimeområde var eit av dei mest brutale i europeisk samanheng. Over 80 prosent av dei som fekk dødsdom, var kvinner, og svært mange av dei vart avretta endå meir grufullt enn «på sin hals», dei vart brende levande.
Den dansk-norske kongen opptrer heilt mot slutten av romanen til Olga Ravn. Den eineveldige makta blir i ei kort scene avkledd og harselert med i ein slags leik, men det hindrar ikkje at han i neste augneblinken utan nåde godkjenner fullbyrdinga av dødsdommen mot Christenze Kruckow, hovudpersonen i Voksbarnet. Kruckow er ein historisk person, ho vart halshogd i 1621.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.