Kviskreleiken
Under Festspillene i Bergens opningskonsert Venter gjekk musikken, dramatikken og det visuelle
aldri opp i nokon høgare einskap.
Sjølv om Bergen Filharmoniske Orkester kom optisk i bakgrunnen på scena, der kassen med sopranen i ruva, dominerte den store mengda Grieg-musikk framsyninga.
Foto: Thor Brødreskift
Sjølv om Bergen Filharmoniske Orkester kom optisk i bakgrunnen på scena, der kassen med sopranen i ruva, dominerte den store mengda Grieg-musikk framsyninga.
Foto: Thor Brødreskift
Lytt til artikkelen:
Opningskonsert
Edvard Grieg (musikk), Karl Ove Knausgård (libretto):
Venter
Mari Eriksmoen, sopran; Aleksander Nohr, baryton; Calixto Bieito, regi; Sarah Derendinger, videodesign; Edvard Grieg Kor; Bergen Filharmoniske Orkester, dir.: Eivind Gullberg Jensen. Grieghallen i Bergen,
onsdag 22. mai
Ein symfonisk pasjon, kallar festspeldirektør og produsent Anders Beyer Venter. Prosessen fram til denne opningsframsyninga ser ut til å ha vore litt av ein kviskreleik: Utgangspunktet er Henrik Ibsens Peer Gynt frå 1867, som blei tonesett av Edvard Grieg i 1875. Festspillene ville, som det er blitt gjort mange gonger før, sjå Peer Gynt frå eit kvinneperspektiv gjennom augo til Solveig. Dei gav forfattaren Karl Ove Knausgård i oppgåve å skriva ein libretto (operatekst) som skulle «gå i dialog» med Peer Gynt, noko han fekk heilt frie taumar til – så frie taumar at han faktisk ikkje skreiv nokon libretto i det heile, men ei novelle på 60 sider: Fuglene under himmelen, som festspelpublikum kunne få kjøpt for 190 kroner.
Ventande kvinner
I programteksten les me at novella handlar om ei kvinne som er tilsett i helsevesenet og passar på den parkinsonsjuke mor si og den gravide dotter si. Alle kvinnene ventar: den eldste på døden, den yngste på barnet og den mellomste på dei to andre. Undervegs i skriveprosessen blei Knausgård så fascinert av Søren Kierkegaards Liljen på marken og fuglen under himmelen (1849), som han òg lånte tittelen av, at novella berre indirekte har noko med Peer Gynt å gjera.
Denne novella er sjølvsagt altfor lang til å kunna nyttast i heilskap. Truleg var det difor den spanske regissøren Calixto Bieito valde ut nokre få tekststadar som han inkorporerte i sjølve sceneverket. Dei blei framførte i tale av sopranen Mari Eriksmoen, som vandra rundt i ein enorm, kvit kasse midt på scena.
For å samanfatta gangen i kviskreleiken: Ibsens drama blei tolka om til prosa av Knausgård, som heller fokuserte på Kierkegaard, som så blei tolka om att til sceneverk av Bieito. Men det som står fast, er Griegs Peer Gynt-musikk, som blei spelt av Bergen Filharmoniske Orkester og sungen av Edvard Grieg Kor. Men kor godt passa eigentleg musikken?
Distraherande video
For lesarar som tykkjer dette høyrest komplisert ut, kan eg stadfesta at resultatet me opplevde i Grieghallen, var endå mindre skjøneleg. Sjølv den store introduksjonsteksten festspeldirektør Beyer har skrive i programheftet, som har farge av ei orsaking for at prosjektet er blitt slik det er blitt, bøter ikkje på kaoset. Dei færraste hadde vel førebudd seg ved å lesa Knausgård-novella, og tekstfragmenta som blei presenterte, strekte ikkje til for å skjøna forteljinga eller å etablera karakterar.
Meir distraherande enn hjelpsam var Sarah Derendingers videokunst, som synte selfievideo i sanntid av sopranen, i tillegg til kråker og duer, sistnemnde eit symbol på menneska. Etter kvart fekk me òg nærbilete i sakte kino av ei gamal dame som dansa i nattkjole, og til slutt nærbilete av ein baby på veg ut av ei fødande kvinne, spelt framlengs og baklengs – alt til Griegs musikk.
Solid framføring
Videoen blei projisert på den store, kvite soprankassen, og bak denne kunne me skimta Bergen Filharmoniske Orkester. Optisk kom orkesteret altså i bakgrunnen. Griegs musikk spelte i det heile inga rolle i korkje Knausgårds tekst, Beyers innføringstekst eller innføringssamtalen med Bieito før konserten. Likevel dominerte den store mengda Grieg-musikk førestillinga.
Framføringa til Bergen Filharmoniske Orkester under stordabuen Eivind Gullberg Jensen var eldfull og inderleg, med store dynamiske kontrastar. Edvard Grieg Kor med barytonsolisten Aleksander Nohr song hans Fire Salmer, op 74 (1906), med ein klangbalanse og intonasjon ein sjeldan opplever maken til. Og Mari Eriksmoens grasiøse, litt melankolske sopranrøyst med herleg plastisk fraseforming ville imponert sjølv på verdas største operascener.
Men musikken, dramatikken og det visuelle gjekk aldri opp i nokon høgare einskap – Griegs tungt romantiske uttrykk høvde rett og slett ikkje. Ei revitalisering av Grieg for vår tid, slik festspelsjef Beyer den siste tida har programfesta det i radiodebattar og aviskronikkar, var dette på ingen måte, for musikken levde sitt eige liv uforstyrra av alt det andre. Om ein hadde lukka augo, ville det i grunnen ha berga kvelden.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Videoen blei projisert på ein stor, kvite kasse med ein sopran i, og bak denne skimta ein Bergen Filharmoniske Orkester.
Griegs tungt
romantiske uttrykk høvde rett og slett ikkje.