Film

La han underhalda deg

Som Robbie Williams sjølv omtalar seg: Han er revy i verdsklasse, og no har han fått ein film som forsvarar tittelen.
   

Sjimpanse-Robbie er så uttrykksfull at han trykker på knappane slik som berre ein sjimpanse kan, skriv Brit Aksnes.
Publisert Sist oppdatert

Robbie Williams (Davies/Williams) skulle bli stjerne. Dårleg sjølvtillit og nervøsitet til trass; med Frank Sinatra og faren (Pemberton) som førebilete og med bestemora (Steadman) som heiagjeng skulle Robbie Williams (Davies/Williams) bli stjerne. Sånne ambisjonar kan ta livet av ein, for ikkje å seia av venskap.

Ei sjel og ei skjor

Den enorme fordelen med låge forventningar er sjølvsagt at det skal noko til å bli enormt skuffa. Ein musikal om 1990-talsboybandstjerna Robbie Williams iført sjimpansekostyme? I mi bok kan ein knapt ha verre utgangspunkt. Men så er Robbie Williams litt av ein joker.

Som tilsett i Platekompaniet tidleg på 2000-talet erfarte eg at han ikkje var til å unngå, og songane hans er unekteleg fengande, noko som kanskje ikkje er så rart, sidan han stel som ei skjor frå alt fengande låtar: «Rock DJ» er «One night in Bangkok», «Let me entertain you» er «Sympathy for the devil» og så vidare.

Men ein joker er det vanskeleg å mislika, endå ein skjønar at han kanskje driv med lettare taskenspel undervegs. Eg har også sett dokumentarserien om Williams på Netflix, som fordi livet hans verkeleg er ein berg-og-dal-bane, resulterer i god underhaldning i seg sjølv.

Zootruleg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement