Bok

Lågmælt biografi

Som biografi er boka på mange vis mønstergyldig, men verket til Kjell Aukrust kunne ha fått større plass.

Publisert

«Eg er i ferd med å bli eit geni», ropte Honoré de Balzac då han kom på ideen til La comédie humaine – den enorme romansyklusen som inneheld eit heilt univers, ei eiga verd av personar gjorde levande der forfattaren skildrar dei frå ulike synsstader i bok etter bok. Det er eit godt stykke frå Rastignacs Paris til Flåklypa og Solan Gundersen, men Kjell Aukrust har greidd å gje oss ei oppdikta verd busett av karakterar som i strek og i prosa òg vert gjorde levande og har teke spranget inn i den norske folkesjela. «Genialt» er eit ord som vert nytta i Sigmund Løvåsens biografi, som kom til Aukrusts 100-årsjubileum i 2020, men rett nok særs sparsamt. Dette er ein lågmælt forfattarbiografi utan store ord, der den biograferte får spele hovudrolla medan biografen held seg i bakgrunnen.

Mønstergyldig

Resultatet er blitt eit varleg portrett av teiknaren, diktaren, radiomannen, reise- og bilentusiasten (og mykje meir) Kjell Aukrust. Som biografi er boka på mange måtar mønstergyldig. Det vonde og vanskelege er med, likså vel som det gode og enkle. Ikkje noko vert feia under teppet, heller ikkje farens lagnad då han vart dømd for landssvik og måtte gå frå posten som landbruksskulestyrar, noko sonen aldri heilt kom over.

Eit fyrste forsøk på å skrive biografi, den gongen av Jan Jakob Tønseth, vart oppgjeve fordi Kjell Aukrust sette seg mot framstillinga av landssviksaka. I Løvåsens bok vert alt gjort greie for, men utan å bli forstørra opp for å vekkje sensasjon. Gjennom heile boka held biografen seg til det som kan dokumenterast, godt hjelpt av Aukrusts eigen hang til å ta vare på skriftleg materiale frå heile livet.

Boka følgjer strengt ein kronologisk disposisjon. Oppveksten i Alvdal vil alle aukrustlesarar kjenne vel til. Derfrå gjekk vegen til teiknarskule og kunstutdanning i hovudstaden under vengene til førebiletet Henrik Sørensen. Ved Kunst- og handverksskulen fordjupa Aukrust seg i reklameteikning. Ønsket om å gå vidare til Kunstakademiet fall bort av seg sjølv då akademiet vart nazifisert, men Aukrust studerte ei tid på eiga hand. Eit landskapsmåleri i Sørensen-stil nådde opp til Haustutstillinga i 1945, men snart tok arbeidet som teiknar og illustratør all tida. Verneplikt avtent i Mannskapsavisa skulle peike ut vegen til det som skulle bli Aukrusts unike heilskapskunstverk: Flåklypa i tekst, teikning, film, ballett og teater.

Løvåsens bok skil seg frå andre forfattarbiografiar på den måten at ho gjev brei plass til dei materielle sidene ved forfattarskapen: tilhøvet til forleggjarar, kontraktar, royalties. Forfattaren dreg på si eiga røynsle som tidlegare leiar for Den norske Forfatterforening til å gje innblikk i ei verd som er ukjend for dei fleste. Vonde konfliktar om royalties og kontraktar – særleg med Caprino-familien – vert grundig utgreidde. Korleis Aukrusts livsverk i høg grad avhang av støtte frå andre, vert like grundig klårlagt. Forleggjaren Peder W. Cappelen vert særleg tydeleg, og framfor alle kona Kari, som forfattaren – med utvilsam rett – lèt stå fram som ein lysande person der ho med usvikeleg lojalitet tek ansvaret for alle dei praktiske sidene av livet som Kjell Aukrust sjølv berre hadde måteleg evne til å ta tak i.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement