Film
Lågmælt tragedie
Tapt barndom vekkjer ikkje valdsame kjensler, anna enn i premissen.
Tolv år gamle Dalva (Zelda Samson) bur åleine saman med far sin. Ein kveld blir ho henta av politiet og flytta til ein ungdomsinstitusjon.
Foto: Storytelling
I ein dramatisk politiaksjon blir tolv år gamle Dalva (Samson) teken frå faren og heimen og flytta over på ein ungdomsinstitusjon. Ho nektar hardnakka for at han har gjort overgrep mot henne, men det overtyder ingen, inkludert ungdomsarbeidar Jayden (Manenti).
På skulen ser dei rart på den nye eleven i dameklede, og det er ikkje all verda støtte å få frå romkamerat Samia (Guirassy).
Ubehageleg
Dalva trippar over golvet, tek seg til håret og rettar på ei hårnål. Den elegante drakta ser totalt malplassert ut på den vesle jenta, og det i seg sjølv er forstyrrande. Eg tenkjer på Jodie Foster og hennar rolle som barnesexarbeidar i Taxi Driver (1976) og same året i Bugsy Malone (1976), der alle skodespelarane er barn som spelar gangsterar.
Eg håpar Zelda Samson har fått betre rettleiing enn det Foster fortel frå Martin Scorseses metode under innspelinga av Taxi Driver... Akkurat det er eg relativt trygg på, for det er noko overraskande lite ubehageleg med Tapt barndom.
Sjølvsagt er tanken på at ein far vil forgripa seg på denne måten, halda barnet sitt isolert for omverda og kle jenta opp i vaksenkle, nærast uuthaldeleg pervers. Premissen er lagd, og regissør Emmanuelle Nicot har nok gått mange rundar for å landa balansen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.