Musikk
Landskappleik med ungt andlet
I fem dagar i juni møttest 1000 utøvarar og 5000 publikummarar i Lom for å feira den norske tradisjonsmusikken.
Synnøve Brøndbo Plassen frå Folldal, vinnaren av klasse A vokal.
Foto: Halvor Tjønn
Ein gubbe som sat på ein stubbe og spelte ein slått få skjønte noko av – dette var lenge biletet som kom ut til ålmenta av norsk folkemusikk. Under Landskappleiken, som i år blei arrangert i Lom i Nord-Gudbrandsdalen, stod tradisjonsmusikken fram så langt ifrå dette biletet som det er mogleg å koma. Den norske folkemusikken er i ferd med å bli fornya.
Ein kunne sjå det i dei aller fleste av dei 30 klassene som det blei tevla i denne gongen. Deltakarane var unge, og mange hadde ikkje den tradisjonelle bakgrunnen frå eit utkantområde i Noreg. Ikkje minst tydeleg kunne ein sjå det i den tevlingsklassa som går under kodenamnet Vokal klasse B. I denne klassa stiller det opp kvinner og menn over 18 år som tevlar om å koma opp i Vokal klasse A, sjølve elitedivisjonen av vokale folkemusikarar.
Svensk siger
Klasse B blei i år vunnen av Isa Holmgren, ei 28 år gamal kvinne frå Värmland i Sverige som har budd i Noreg i tre år. Etter sigeren rykte Isa Holmgren opp i A-klassa. På den neste landskappleiken stiller ho saman med dei fremste kvedarane og folkesongarane i Noreg.
Isa Holmgren framførte tre songar: Den fyrste var «Till, till, Tove», ein song som er ei åtvaring mot bjørnen som tek buskapen. Deretter song ho ein polskdans etter Johan Olsen frå Elverum og til slutt ein halling, som òg var frå Elverum.
– Alt det som eg syng her på Landskappleiken, er materiale frå Noreg. Men for det meste har eg arbeidd med materiale frå vestre Värmland. Når ein samanliknar dette materialet med det ein finn på norsk side av grensa, er det ganske likt. Det er interessant å sjå likskap og forskjellar, men overgangen frå svensk til norsk folkemusikk har gått veldig greitt, seier ho til Dag og Tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.