Roman

Per Schreiner skriv med presisjon, distanse og suveren innsikt.

Langt liv, kort summert

Per Schreiner har skrive for film, radio, TV og scene og debuterte som forfattar i 2015.
Publisert Sist oppdatert

Stundom har ein roman eit tydeleg hovudpoeng som driv handlinga, men det er ikkje naudsynt. Skildrar ein livet til personane i teksten slik at lesaren trur på det, er det i grunnen nok. Slik er det i Heidruns gate av Per Schreiner.

I den første bolken, som er skriven konsekvent i rapportstil, møter ikkje Adam, men Lars ei som heiter Eva utanfor eit kinolokale i Oslo 13. februar 1960. Det vert eit par av dei to, og dei får det første barnet sitt, Knut, 15. januar 1961. Nokre år seinare får dei dottera Ingrid, og ein god del seinare enn det sonen Roar.

På avstand

Etter kvart kjem det nye opplysningar om denne familien, som finn seg eit husvære i Heidruns gate i Oslo. Der er livet heiderleg, men korkje underleg eller heidundrande, slik ein skulle tru. Romanen held fram i bulletinar, som referat, om jobb, utdanning, adresser og liknande, tørt og presist, slik at ein, for å forstå personane, lyt dikta med, men det er ikkje vanskeleg, for nokre av desse stutte rapportane ekspanderer i lesaren.

Til dømes får ein sjå at Knut veks opp utan kameratar, men at han ikkje lèt dei vaksne få vita om det. Mot slutten av tenåra går han ut kvar nyttårskveld, som om han skal på fest, men han berre går og går, og til slutt går han heim att. Slik teksten er fri for emosjonar, ser det også ut til at Knut er, ting berre skjer, etter plan eller utan, og teksten held fram med stadig nye forgreiningar, endåtil inn i framtida. Lesaren får vita om dei forskjellige personane, om born og gamle, om sjukdom og død, og det meste er skildra på avstand.

Innimellom kjem det drypp av kjensler eller observasjonar utanom det naudsynte, til dømes når Roar, som er ein ikkje særleg vellukka filmprodusent, etter ein samtale med familien slår fast at barnet som Sonia, den nye kjærasten hans, ventar, ikkje skal heita Knut eller Ingrid. Ungen får derimot namnet Harald.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement