Teater

Lars von Trier for skjemt

Den mangesidige filmklassikaren vert flat komedie på teater.

Henrik Mestad (på kne) gjestar teateret som svenske Helmer i framsyninga på Oslo Nye Centralteatret.
Henrik Mestad (på kne) gjestar teateret som svenske Helmer i framsyninga på Oslo Nye Centralteatret.
Publisert

Ein kan godt undre seg over dette nye fenomenet at ein så gjerne vil gjere teaterversjonar av filmklassikarar. I gamle dagar var det gjerne omvendt. Viss eit skodespel gjorde stor lukke på teateret, vart det gjerne til film etterpå. Kvifor no det stikk motsette?

Forklaringa er vel eigentleg heller enkel. Teateret, som før var den toneangivande leverandøren av dramatikk, har i dag ein tapt posisjon dei må prøve å gjenerobre. Da må dei gripe til filmtitlar for å vere oppdaterte og aktuelle.

Vi har sett døme på at dette kan gå både bra og dårleg. Vinterens to døme i Oslo, Ingmar Bergmans Jordbærstedet og no Lars von Tries Riket, er ikkje dei mest overtydande prova på at dette blir ideelt teater. Filmmediet har i alt vesentleg ein fri flukt over seg som teateret aldri kan halde tritt med. Det gode teaterstykket fortel på ein heilt annan måte. Det veit vi, alle vi som er glade i både teater og film.

Den forunderleg fascinerande filmen (og TV-serien) Riket av Lars von Trier var på 90-talet, både visuelt og innhaldsmessig, ein overveldande cocktail av grøssar, tragedie, komedie og fantasy. Vi måtte både skrike av lått og stundvis halde oss for auge og øyre av di det var så ekkelt og nifst. Og det mest pirrande var sjølvsagt at vi fekk ei historie frå eit rikshospital, rasjonalitetens høgborg, der det krydde av skrømt, demonar, synske personar og korrupte autoritetar.

Teaterversjonen av dette sujettet, som er økonomisk fortetta og forkorta i høve til originalversjonen, gjer heiderlege forsøk på å attskape miljø og stemning frå det vi såg den gongen. Forsøka strandar likevel i mangelen på brukbare effektar, som kan stadfeste det som vert påstått frå personane i stykket. Ein replikk som til dømes «Eg har grunn til å tru at du er eit spøkelse», var i filmen rimeleg av di den tiltalte personen faktisk var gjennomsiktig. Det er ho ikkje her, og den som seier det, verkar da berre forstyrra. Og kvifor skal den melaninrike sjukepleiaren frå Haiti verte spela av ein kritkvit nordmann? (Er ikkje dette det motsette av politisk korrekt?)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement