Film
Lebensraum under pergolaen
Av og til er det naudsynt å bruka orda «sterk» og «skakande».
Kommandant Rudolf Höss og kona Hedwig strevar etter å byggje opp eit draumeliv for seg og familien i ein villa med stor hage, og konsentrasjonsleiren Auschwitz som næraste nabo.
Foto: A24 / Access Entertainment / FILM4
Frå 1940 til 1943 var Rudolf Höss (Friedel) tilsett som kommandant i konsentrasjonsleiren Auschwitz, der han hadde hovudansvaret for utrydding av jødar. Han og kona Hedwig (Hüller) og fem ungar bur i ein flott villa med tenestefolk, vegg i vegg med leiren. Der går dagane sin vande gang, sjølv om dei har utfordringar som familiar flest. Huff.
Sjølvpisk
Regissør Jonathan Glazer spyr ikkje ut filmar, og når han omsider kjem med ein ny, er det ikkje lett å føreseia kva stil og tema han tek for seg. Engelskmannen stod for ein av mine favorittar på tidleg 2000-tal, gangsterfilmen Sexy Beast (2000), og eg såg nyleg Under the skin (2013) – ein slags alienthriller av overnaturleg karakter, så ulik den før nemnde at eg aldri ville gjetta det var same opphavsperson.
Og så kjem altså dette rolege, historiske dramaet, basert på ei historie av Martin Amis, rett nok med gjenkjennelege grafiske og musikalske grep. Under the skin var tydeleg ein metafor for framandgjering og utanforskap, på same måte som The Zone of Interest tydeleg symboliserer kva menneska er villige til å sjå gjennom fingrane med. Filmen baserer seg på historiske personar, men handlar det ikkje eigentleg om oss sjølve? Det vrir seg i magen av tanken.
Kvardagsnazisten
Også nazistane var gode foreldre, eller tenkte at det var slitsamt å flytta heim når ein hadde slått seg ned ein plass, eller følte frustrasjon over å skifta jobb når dei meistra den dei hadde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.