Bok

Leik og dikting

Julehefte med magisk formel for juleglede.

Juleheksa til Jenny Jordal er eit humoristisk høgdepunkt i heftet.
Juleheksa til Jenny Jordal er eit humoristisk høgdepunkt i heftet.
Publisert

Jula er ei tid for magi og mirakel. Det magiske finst for den som diktar og leikar. I den tredje utgåva av Barnas juleroser har redaktør Herborg Kråkevik valt magi som tema, med von om at historiene og bileta skal hjelpe lesarane med å dikte seg ei magisk jul.

Både teikneseriane, dikta og novellene låner og leikar seg med kjende forteljingar, frå juletradisjonen og frå eventyra. Heftet inviterer dermed til ei leiken og humørfylt lesing, til å bruke fantasien og til å oppdaga det magiske, der det finst.

Tydelegast og finast peikar Simon Stranger i ei uventa retning i ei forsonande løysing på vonbrotet som ventar oss alle: Nissen finst ikkje.

Juleheksa til Jenny Jordal er eit humoristisk høgdepunkt i heftet. Ho er midt i julevasken og kan slett ikkje ta seg tid til å følgje mystiske stjerner og helse på magiske barn. Nyskrivinga av juleevangeliet er både fornøyeleg og til ettertanke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement