Musikk

Leiken ensembledebut

Per Zanussi får maks ut av ensemblet.

Publisert

Det er berre å merka seg namnet – Vestnorsk Jazzensemble. I sommar leverte dei varene på Sildajazz i kompaniskap med Mariam Wallentin, og her er dei plateaktuelle på velrenommerte Clean Feed med tingingsverket Li (And The Infinite Game), skrive av Per Zanussi, også det urframført på Sildajazz – i 2021. Verket er sett saman av ti delar der «Retabling» og «Baltering» glir over i kvarandre.

Zanussi er inspirert av den nykonfutsianske termen li som ordnande prinsipp eller underliggjande mønster og strukturar i naturen. Musikken, eller den endelause leiken som Zanussi her kallar det, gjev god meining utan eit nykonfutsiansk bakteppe, men å halda fast på mønster og struktur som ein lytteknagg gjev haldepunkt i jakta på den raude tråden.

Elles er inspirasjons­-
kjeldene fleire, men vestafrikansk musikk slik han blei transformert og kom til uttrykk i amerikansk jazz på slutten av 1960- og byrjinga av 70-talet, er eit markant innslag. Træens elektroniske forsiringar, svært elegant utførte fleire stader, mellom anna på «Uragano» og «Golden Spike», fører tankane attende til Herbie Hancocks sekstettutgjevingar som Crossings og Sextant.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement