Teater

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.
Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.
Publisert

Nok ei teaterframsyning basert på ein fersk roman. Underleg at denne trenden ikkje skal snu. Når det er sagt, finst det lettare tilgiving for godt teater, som dette, enn for ein del av det halvgode som norske teaterscenar dei siste tiåra har gitt oss i form av ufordøya skjønnlitteratur. Men heller ikkje her har ein makta setje punktum i tide. Især sluttscena er blitt altfor langdryg.

Den godt over 500 sider lange romanen dette stykket byggjer på, var noko av det siste Beate Grimsrud (1963–2020) rakk å gjere ferdig før kreften gjorde ende på henne. Som med Vilde Berg i boka og dramatiseringa, som har mykje sjølvbiografisk i seg, men slett ikkje ligg tett opptil eige liv i eitt og alt. Ved sida av sjukdommen og døden er den mest slåande likskapen den språklege leiken, den positive «galskapen» og viljen til å snu det negative til noko positivt.

Livsdyrkande

Det får denne framsyninga godt fram, med ei meir enn velopplagd Heidi Gjermundsen Broch i rolla som den hyperlevande Vilde Berg, som brått får vite at ho har brystkreft. I staden for ei mørk vandring mot dødsriket gjer Broch og resten av teamet dette til noko livsdyrkande, ein både innbiten og humørfylt kamp, der vi likevel kan kjenne på spenninga i den kreftsjuke kroppen.

For ein kamp blir det, og ei tid med venting, venting og venting – på prøvesvar og operasjonar som aldri kjem fort nok. Ein tilstand svært mange kreftpasientar kjenner att. Og ei berg-og-dal-bane mellom von og angst, der stadig nye beskjedar kastar pasienten mellom himmel og helvete – men der òg målstreken for eit altfor kort liv kjem stadig nærare. Då kan det kjennast godt å få slå frå seg mot ein boksesekk som heng ned frå taket (Grimsrud sjølv var jo ein ivrig boksar).

Komisk talent

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement