Bok

Lengt, lyst og liding

Wenche Mühleisen har skrive ein ny, viktig roman om lidenskap og lengt hos eldre kvinner.

Wenche Mühleisen er utdanna medievitar og kjønnsforskar.
Wenche Mühleisen er utdanna medievitar og kjønnsforskar.
Publisert

Norsk-austerrikske Wencke Mühleisen har vore ein kjend figur i den norske allmenta gjennom fleire tiår, som banebrytande performance-kunstnar og professor i kjønnsforsking, dei siste åra også som romanforfattar.

Årets bok er eit frittståande framhald av romanen som kom for tre–fire år sidan, Redd deg selv, lille hjerte. Båe er modige og delvis sjølvbiografiske skrifter om tema som ikkje så ofte blir handsama i litteraturen. Problemet Mühleisen denne gongen set under debatt, er korleis eldre, single kvinner skal møte det faktum at det er så få attraktive menn att for dei.

Konkurransen er knivskarp. Kvinner over ein viss alder har rett og slett ikkje dei same sjansane som jamaldrande menn har til å finne seg ein kjærleiks- eller sexpartnar. Den røynde feministen Mühleisen trekkjer ein relevant parallell til andre sosiologiske samanhengar. Ho peiker på at det ikkje er annleis her enn på andre område i samfunnet: Som kvinne må ein gjerne fleirdoble innsatsen for å nå målet.

Dette er utgangspunktet for handlinga i boka: Kva skal til for å finne seg ein ny mann når ein nærmar seg sytti?

Livsverd og liding

På dei første sidene av boka blir vi kjende med livsverda til den einslege kvinna som fører ordet. Denne delen er nok den beste i heile romanen, i alle fall språkleg sett. Med sterke metaforar og eit levande språk kjem vi heilt inn i livsverda og lidinga til kvinna. Ho kjenner seg hudlaus og heimlaus etter brotet med mannen ho levde med i mange tiår og fekk ein son med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement