Bok

Lengten etter å bli sett

Michael Rindahl skriv opp mot Vesaas utan at det verkar sjenerande.

Michael Rindahl er romandebutant.
Michael Rindahl er romandebutant.
Publisert

I 2015 gav Forfattarstudiet i Tromsø ut ein tekstantologi med smaksprøver på det studentane hadde jobba med gjennom året. Her møtte eg Michael Rindahl for første gong, i eit seks sider langt romanutdrag. Berre geografien og ei resignert grunnstemning i teksten er ført vidare inn i den romanen han no debuterer med i ein alder av 28 år, Gammelgresset.

Språklaus

Vi er i Vesterålen, nær Sortland og Strand, der Rindahl sjølv er frå, og vi er inne på fastlandet, dit Edvin Strand flyttar når det ikkje lenger er leveleg på Saltøya, der han har budd heile livet, fram til ein alder av 62. Han er ungkar, ein folkesky einstøing, tafatt og bortkommen, overkøyrd av utviklinga og med blikket retta bakover mot det som var før øya blei fråflytta og overtatt av hytte- og feriefolk utan respekt for samanhengane. Det er vondt for Edvin, men han er utan evne til å finne ord. Dette språklause hos Edvin, saman med ei sterk naturkjensle, får meg til å tenkje i retning Vesaas og Fuglane, denne vedunderlege forteljinga om søskenparet Hege og Mattis, for Edvin har også ei søster som han kan tenkje seg å flytte inn hos, sidan ho er enkje og opp i åra. Men å formidle denne tanken får han ikkje til, og han håpar at sjakkvennen Jakob kan hjelpe han med det.

På rømmen

Dette blir det likevel ingen ting av, for brått tar handlinga ei ny vending, når Edvin rømmer til skogs for å sleppe unna 70-årsdagen til søstera, der han vil treffe folk han ikkje får til å snakke med. I fleire dagar er han på rømmen, fram til han oppsøkjer ein gammal onkel. Han har ein båt i naustet, gissen og lekk som ein sil, og denne båten ror Edvin utover fjorden i, nett slik Mattis rodde utover vatnet til båten sokk under han.

Edvin blir redda ved eit tilfelle og tatt vare på, ikkje av helsevesenet, men av dei næraste, og sluttscenen gir samtidig eit glimt av håp i alt det håplause.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement