Film
Les heller ei bok ...
Kan nokon gje bokklubbdamene betre lesestoff om det kjem ein tredje oppfølgjar?
Dei fire veninnene i bokklubben dreg på tur til Roma. Her ved Trevi-fontena.
Foto: Focus Features / Universal
Dei gamle veninnene frå Book Club (2018) er tilbake – dei har overlevd pandemien, takka vera kvarandre og bokklubben. No skal dei ta igjen alt det tapte, og kva er då betre enn å reisa på ferie utanlands? Særleg når høvet er at evigsingle Vivian omsider skal gifta seg.
Gull til gråstein
Førre bok som fekk styra handlinga, var 50 Shades of Grey – noko som sette dei godt vaksne underliva i sving som berre husmorporno kan. Denne gongen er det verre: Den absurd flosklete liksomfilosofiske boka Alkymisten av brasilianske Paolo Coelho skal no vera leiestjerna.
Om eg hadde eit snev av godvilje i forkant, sidan det er noko sjeldan vare at eldre kvinner er portretterte på film i så stor grad, så blir den feia vekk i det Coelhos «visdomsord» dukkar opp i introen. Uansett klarar filmen fint å stadfesta fordommane mine utan at eg tyr til hets av yndlingsforfattaren til millionar av folk.
Om eg synest førre filmen var trist oppgulp på Viagra, så er oppfølgjaren berre meir av same sorten. Kan det ha noko å seia at manusforfattarane og regissøren er i midten av førtiåra? Det verkar intenst krampaktig at desse damene, alle pluss 70 og 80 år gamle, må vera så ungdommelege. Eller rettare sagt: at det å oppføra seg som ein svimete, kåt og bortskjemd tenåring er noko å streva etter resten av livet.
Vi (skrump)lever!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.