Bok
Leseglede i julegåve
Illustrasjon: Børge Bredenbekk
Klokkerens evangelium av Gaute Heivoll er illustrert av Børge Bredenbekk. Illustrasjonane er med på å skape det særpreget som gjer at boka skil seg ut og står fram som den mest originale og modige adventsboka i år. Svartkvite poetiske landskap og portrett understrekar kjensla av draum – og død.
Boka står i slektsskap med ikkje berre fjorårets adventssuksess Snøsøsteren, men ein annan bestseljar frå 2018: Søsterklokkene» av Lars Mytting: I ei bygd ein gong i gamle dagar, skal kyrkja rivast og seljast. Auksjonen er opprivande for Bendik. No mistar han alle band til den døde faren. Han var klokkar i kyrkja.
Forteljinga kan lesast og tolkast på mange måtar. Draumkvedet syng med om ein kjenner kvadet. Lesaren i målgruppa gjer nok ikkje det. Kravet til å kunne tolke og forstå er både ein styrke og ein veikskap ved boka, ho er kort sagt ikkje for alle.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.