Sakprosa
Leseverdig om songlyrikk
Songen om teksten byr på godbitar som Dylans minimalitsiske utforsking av form, om naturomgrepet i Bellmans songar og om seksualitet og incest i mellomalderballadar.
Dimmu Borgir i Finland i 2019.
Foto via Wikimedia Commons
Skreiv Bjørnson blues? Arnfinn Åslund reiser spørsmålet i artikkelen «Blues på norsk – om Sunde, Virud, Paus og Bjørnson». Bjørnson-diktet «Siste smærte» frå 1906 vart i eit essay av Georg Johannesen kalla ein blues.
Åslund går vidare på den spontane karakteristikken til Johannesen og finn ei rekkje likskapar med bluesforma, sjølv om Bjørnson ikkje kan ha kjent til omgrepet blues. Åslunds tekst om norsk blues, med interessante nærlesingar av tekststrukturar, musikalsk form, og tilhøvet mellom dei, er eit av bidraga i antologien Songen og teksten. Frå Draumkvedet til Dimmu Borgir.
Boka består av 14 forskingsartiklar om songlyrikk – eit felt i vokster, med eit særskilt sterkt miljø rundt ei forskingsgruppe ved universiteta i Agder og Søraust-Noreg. Denne boka kjem delvis frå dette miljøet og er basert på eit seminar i Bø i Telemark som feira Olav Solberg og Bob Dylan, begge nestorar på feltet, på ulike vis: Den produktive balladeforskaren Olav Solberg hadde fylt 80 år, og Dylan kunne som 81-åring markera 60 år som plateartist.
Balladar i song og saum
Bidraget til Ingrid Skjerdal, «Sømsanger og visevev», kan sjå ut som ein nerdete analyse av forholdet mellom balladar og tekstilmotiv. I røynda viser denne fascinerande artikkelen at balladane gjekk føre seg i fleire medium og var eit kulturelt midtpunkt i mellomalderen. «Balladen kan danses, og dens dramaer og replikker synges og leves ut, men kanskje har den også et slags forværelse der bildene og draktene skapes», skriv Skjerdal.
I mange balladar er veving og sying av motiv ein del av handlinga. Eit døme er balladen «Asbjørn og liti Kjersti», der Kjersti blir sett på prøve med å sy ei skjorte til friaren sin. Korleis og kva ho syr, driv handlinga i dei mange variantane. I nokre versjonar framstiller Kjersti sin Asbjørn i høvisk form, medan han slær på gullhorpen, slik at «sømmens tråder og harpas strenger spiller fint opp mot hverandre», som Skjerdal formulerer det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.