Bok
Lett, lur og viktig
Illustrasjon: Henning Lystad
Med den femte boka i den populære serien om Barcelona-gjengen nærmar denne Leseland-serien seg eit opplag på heile 15.000. Bøkene er tilpassa lesarar i alderen seks til ni år.
Birk og venene hans går på skulen og på trening, dei spelar kampar og scorar mål. Praten går, teksten òg. Replikkvekslingar av det korte, knappe slaget er lette, både å lese og kjenne seg att i. Hyppige illustrasjonar bidreg med skildringar det ikkje er plass til i teksten, og små kvilepausar i lesinga.
Anslaget er reint lureri: Forfattaren spelar på sjangertypiske verkemiddel frå spøkelseshistoria for å få tak i lesaren. Den påfølgande tvisten er smart og overraskande, dermed sit vi på kroken og heng med vidare i teksten.
Kva er skilnaden på å låne og å stele? Formatet hindrar ikkje historia i å ta opp etiske spørsmål. Formatet hindrar heller ikkje at karakterane får utvikle seg. Rektor går frå å vere prinsippfast og kategorisk til å vise medkjensle og lempe litt på reglane. I løpet av forteljinga innser ho kor viktig fotball faktisk er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.