Bok
Lett og grundig om 1800-talet
Det blir laga mange halvgode vitsar om forholdet mellom historie og historier. Men på sitt beste kan ein kombinera evna til å fortelje historier på ein fengjande måte med det å formidla historie som fag.
Merethe Roos er professor i historie ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Foto: Cappelen Damm
Det er Merethe Roos’ vesle bok om 1800-talet eit eksempel på. Boka hennar er ein del av ein serie Cappelen Damm Akademisk har sett i gang om norsk historie, med små, korte bøker om periodar eller tema. Så langt er det kome sju bøker, dei fleste frå eldre historie.
Merethe Roos er professor i historie ved Universitetet i Søraust-Noreg og redaktør i Norsk pedagogisk tidsskrift. Ein merkar at ho kjenner skulehistoria godt. Men introduksjonen hennar er slett ikkje prega av personlege kjepphestar. Snarare er ho oppteken av å visa fram kva faget har arbeidd med og kan by på, og på alle punkt får lesaren opplyst kvar ein kan finna utdjupande lesnad.
Ovanfrå og nedanfrå
Her og der viser Roos til kontrasten mellom historie ovanfrå og historie nedanfrå. Den tradisjonelle historieframstillinga var gjerne ovanfrå – med vekt på kongehus, regjeringar og politiske leiarar. Dette har i seinare år blitt supplert av mange perspektiv nedanfrå: vilkåra for folk flest, organisasjonsliv og kultur på grunnplanet, sosialhistorie, framvekst av politiske rørsler og så vidare.
Roos skriv om ein periode (frå 1814 til 1905 – ei rikspolitisk inndeling) som rommar viktige endringar både ovanfrå og nedanfrå. Hendingane i 1814 var i høg grad noko som skjedde over hovudet på dei fleste, ved at Noreg blei gjeve bort til Sverige som krigsbytte. Men reaksjonane på det internasjonale spelet engasjerte mange ulike lag av folket, og meir så etter kvart.
Store endringar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.