Bok

Lett, tung, tung, lett

Publisert

Éin gong var alt lett. No er det vanskeleg. Dagane er som trestokkar og plankar, magen er stram i ein dobbel knute. Kvifor er det slik? Fordi Pim har byrja på skulen. Der er det ikkje lett å vere Pim. No vil han berre gøyme seg, slik grevlingen gjer.

Mamma forstår seg verken på Pim eller på grevlingar. Etter nokre dagar må han tilbake, for alle barn må på skulen. Må dei ikkje? Pappa forstår og kan hjelpe. Forteljinga peikar på mange redningsplankar: Kunnskap, kreativitet, venskap og leik kan vere vegar ut av det vanskelege.

I Grevlingdagar vidareutviklar Gro Dahle og dottera Kaia Nyhus Dahle ei ny type oppsett i biletboka. Teksten er ikkje integrert i oppslaget, men ligg i ei eiga kolonne til venstre. Handtekstinga gjer at vi likevel får inntrykk av heilskap og samband. Teksten blir ein del av biletet, men på ein ny og god måte. Lesaren kan sjå på illustrasjonen utan at bokstavane kjem i vegen.

Illustrasjonane framstiller utvalde scener i forteljinga. Streken er somme tider tynn, somme tider tjukk. Teikningane kan sjå enkle ut ved første augnekast. Men det er nettopp auga som er det mest meiningsberande illustrasjonselementet. Gjennom blikk og ansiktsuttrykk vert kjenslene formidla, klart og sårt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement