Musikk

Lettbeint og hardtslåande

Gurls og Trondheim Jazz Orchestra gjer kvarandre gode.

Publisert

Trioen Gurls har eksistert sidan 2013. Hanna Paulsberg og Ellen Andrea Wang har vore med heile tida. Marianna Sangita Angeletaki Røe er den tredje vokalisten i rekkja, og ho er perfekt for oppgåva. Paulsberg har komponert og arrangert dei sju låtane og har greidd kunststykket å sameina det litt eplekjekke Gurls-uttrykket med ein klangleg og harmonisk palett som gjev uttrykket ei djupn og slagkraft som gjer inntrykk. I tillegg har ho skrive tekstane. Fleire av desse kunne gått rett inn i ein amerikansk rap-R&B-tradisjon, berre tilført ein god dose meining.

Plata er innspelt på jazzfestivalane i Trondheim og Mandal i fjor. Lydteknikar David Solheim skal ha ros for å ta vare på det doggfriske i musiseringa. Dynamikk og transparens er med på å gjera dette til ei minneverdig innspeling. Tittelkuttet er eit strålande døme.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement