Bok
Levande naturmytologi
Solplomme er ei metapoetisk forteljing der natur- og industrihistorie, saman med familiemytologi, blir mobiliserte som klangbotn for musikken og tekstene.
Det blir sagt at lyrikken har røtene sine i magien: Messande song opnar døra til åndeverda. I verket Solplomme av Anna Kleiva og Vilde Tuv blir lesaren teken med på ei nyheidensk jonsokfeiring. Dikta syng antifonalt i ei åndepåkallande lovprising av naturens grøderikdom der menneska ser gapande inn i sola for å oppnå ekstase.
Jonsokfeiringa minner her om ein naturtilbedande heksesabbat, i kontrast til drifta mot erobring: Mannlege tindeklivarar la «grunnlaget for den moderne måten å tenke fjell på. Toppar å nå, ikkje frykte». Jonsokrituala, derimot, minner om at naturen er både livgjevar og bringar av farefylte grenseoverskridingar. Dette er innvarsla alt med omslaget, eit måleri av kunstnaren Shagha Ariannia som skildrar feminine, nakne figurar, og som kan skapa assosiasjonar til Matisses «La Danse». I utflytande strekar smeltar så å seia personane og omverda saman.
Rituala tekstene skildrar, tek det himmelske ned til menneskeverda: «sola på himmelen ei hand/ eit klaps på kinnet sola elskar deg, baby». Vekslinga mellom det høgstemde og anglofon populærkulturdiksjon strekar under at fortida lever i notida, og at ulike erfaringar saman formar oss som vesen i verda.
Metapoetisk forteljing
Eit lengre kapittel med tittelen «Backstage, backstone lokalportrett» utfordrar likeins tanken om at kunstverk kan forståast uavhengig av den skapande økologien dei er del av. Dette er nemleg ei metapoetisk forteljing der natur- og industrihistorie, saman med familiemytologi, blir mobiliserte som klangbotn for musikken og tekstene.
Jonsokfeiringa går føre seg i ei verd der plast framstår «som vimplar og/ snøflekkar i landskapet». Heldigvis er dette økoengasjerte verket fritt for enkle formaningar om å vise omsorg for naturen. I staden stiller boka spørsmål som utfordrar dei vande omgrepa vi tenkjer med: «trur du at brannen/ legg alt øyde/ eller trur du på det som gror/ i oska, det som gror fort og vanvitig/ grønt på branntomta». Denne skildringa av restane etter jonsokbålet blir i overført tyding eit bilete på at naturen kan regenererast. Det er ikkje tilfeldig at desse linene står i diktet nummerert som nummer sju. Såleis er heller ikkje naturen ein fastlagd kategori; også han [!] er i konstant endring: «naturen fornyar seg kvar vår […] kva er fornying og kva er varig/ endring kva er varig vern».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.