Teater

Lite nytt frå den Tesmanske heimen

Ein delvis «modernisert» klassikar, som gir større rom for det leikne og underhaldande.

Anna Ladegaard spelar hovudrolla som Hedda Gabler.
Publisert Sist oppdatert

Haugesund Teater lokkar med kva som skjer når Ibsens ikoniske Hedda Gabler møter Haugesunds klasseinndelte røyndom. Det får vi aldri svar på, men den teksttru framsyninga er spenstig og levande på eit vis som ikkje står i Ibsens scenetilvisingar. Nærare «gåta» Hedda Gabler kjem vi likevel ikkje denne gongen heller.

Vi blir tekne inn i ei stove med to møblar, båe moderne designprodukt – eit bord det er råd å sitje og liggje på og gli ned frå, og ein stol til å drukne seg i – og dette innbyr til rørsler vi ikkje kjenner frå Ibsens tekst. Men det er vel også det nye i framsyninga, med ei uvanleg laussleppt tante Julle (Ane Skumsvoll), som tillèt seg å rulle rundt på det nye golvteppet. Elles er det meste slik vi har sett før.

Hedda (Anna Ladegaard) er like full av livslede som før, like intrigant og like misnøgd. Generaldottera har gifta seg under sin stand og må innsjå at tufsen av ein mann, Jørgen Tesman (Pål Fredrik Kvale), ikkje kan gi henne det ho lengtar etter. Og det ho opplever som nye svik, ventar. Då kjem ikkje slutten som eit sjokk.

Mykje er konvensjonelt i denne oppsetjinga, men Hedda-skikkelsen blir aldri så farleg som vi helst vil sjå henne, sjølv om ho manipulerer folk kring seg. Dermed får heller ikkje framsyninga den tyngda ho treng. Då er det eit heilt anna drag over den andre intriganten, assessor Brack (Fabian Heidelberg Lunde), som med sitt utsøkt djevelske spel er den som vippar Hedda over kanten til sjølvmordet. Også Malene Wadels Thea Elvsted verkar truverdig, mens Kvales Tesman blir for mykje av ein lettvektar i dette spelet. Heller ikkje Manish Sharma maktar å gjere Ejlert Løvborg til den spanande personen han skal vere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement