Musikk
Lite skakande
Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.
Det tyske Ensemble Polyharmonique.
Foto frå nettsida til gruppa
Dei fire kyrkjemusikkverka på denne plata er alle komponerte heilt på byrjinga av 1700-talet. Stilistisk soknar dei framleis til 1600-talet, for dette var noko av det fyrste dei mest jamaldrande tyske komponistane Johann David Heinichen (1683–1729) og Georg Philipp Telemann (1681–1767) skreiv. Ein kan altså seia at dette er måten dei lærte å komponera på, men snart kasta vrak på, til fordel for den lettare og meir elegante 1700-talsstilen.
For falskt
Framført blir musikken av den tyske volkalgruppa Ensemble Polyharmonique og instrumentalensemblet {oh!} Orkiestra frå det sørvestlege Polen, området som historisk sett blir kalla Schlesien. Instrumentalistane er betre enn songarane. Særleg sopranen og kontratenoren Alexander Schneider, som også leiar ensemblet, har for mange tekniske bommertar. Begge syng falskare enn ein kan tillata seg på CD, og for Schneiders del kling røysta greitt i dei snøgge partia, men på lange tonar vrenger han stundom vokalane slik at orda blir uskjønelege.
Den direkte klangen på opptaket gjer venleiksfeila ekstra tydelege. Ein får inntrykk av å sitja på fyrste rad heilt innmed musikarane, og det at korsatsane er gjorde med solistisk besetning, altså med éin songar per korstemme, hjelper ikkje på.
Botssalme
Sjølv om musikken kling litt alderdommeleg, er han raffinert komponert. Ta til dømes Telemanns Ach Herr, straf mich nicht in deinem Zorn, TVWV 7:3, ei tonesetjing av Bibelens sjette salme, på norsk «Herre, refs meg ikkje i din vreide». Forma er det me kallar motettisk, det vil seia at kvar line i bibelteksten får si eiga karakteristiske utforming. Verket er difor ikkje sett saman av ulike satsar med tydeleg attkjennelege ariar, resitativ og korsatsar, men tek form av ein straum av stutte passasjar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.