Kunst
Litt av eit hotell
Elvesæter-familien har alltid hatt interesse for kunst. Opp gjennom åra har familien opparbeidd ei unik samling som dei på sjenerøst vis har smykka Elveseter Hotell med.
Adolph Tidemand, «Sognebud», 1862. Adolph Tidemand, «Sognebud», 1862.
Alle foto: Frank Furseth Alle foto: Frank Furseth
Her treng ein slett ikkje vere redd for regnvêrsdagar. Veggane er fylte av kjende kunstverk, og på tunet ruvar ei søyle på 34 meter med ein ryttarskulptur på toppen. Eit hotell som verkeleg er ei kunstmelding verdt.
Det er ofte slik at det ein veks opp med, tek ein som ei sjølvfølge, same kor spektakulært det er. Lom har akkurat passe avstand frå Valldal for ein søndagstur, så eg har ofte vitja Elveseter Hotell. Det var først i sommar det slo det meg med full kraft kor unikt dette hotellet er, fylt av store måleri av kjende kunstnarar.
Elveseter Hotell
Elveseter Hotell er ein gamal storgard i Bøverdalen, som ligg nokre kilometer frå sentrum av Lom, ved den nasjonale turistvegen over Sognefjellet, nord for Galdhøpiggen. Her har dei drive hotell sidan 1870, i seks generasjonar. Det er som eit eventyr å kome inn frå resepsjonen, der stove etter stove er fylt frå golv til tak med måla og utskorne skåp, kunsthandverk og måleri. Også vegglister, tak og dørblad er dekorerte.
Her er treskurd og rosemåling laga av lokale kunstnarar, mellom anna nokre vakre skåp forma av Ola Rasmussen (1744–1803) frå Skjåk, og treskeier med vakre, intrikate mønster som er skorne av Rasmus Elvesæter, ein av odelsgutane på garden.
Her er også gjenstandar kjøpte på reiser utanfor landegrensene, som den digre samovaren han kjøpte i Istanbul. Innimellom alt det vakre er også gjenstandar av lågare estetisk kvalitet, som eg gjerne skulle ha rydda bort. Men det fekk bli med tanken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.