Litt for spretten
Caroline Kaspara Palonens nyaste roman er umiskjenneleg skjønn og rar, men òg litt ufokusert.
Caroline Kaspara Palonen har skrive fem romanar.
Foto: Randi Grov Berger
Eg jublar når Caroline Kaspara Palonen kjem med ny bok. Forfattaren frå Harstad er ung, men har alt skrive mange bøker. Mascarasøvn er den fjerde eg les av henne, og den femte totalt.
Det eg likar med bøkene til Palonen, er at dei er unge og friske og ikkje minst snåle. Ho vel seg alltid ut vindskeive unge kvinnelege eg-personar og viser fram kvardagen deira ved å skildre dei usynlege, små, rare detaljane. Her er eit døme frå Mascarsøvn: «Inne i butikken hadde vi god tid. Arvid så på ulike matvarer. Jeg tok en titt på partysortimentet. Jeg liker kunstige, skarpe farger. De friske sjokkene disse fargene gir, jeg forbinder det med å flire høyt. Jeg liker også forestillinga om en fest, kanskje bedre enn sjølve festen.»
Hovudpersonen denne gongen er Edit som nett har gått, eller kanskje er det meir presist å kalle det rømt, frå Egil og huset dei har i lag, sjølv om namna deira passar perfekt saman på dørskiltet. Edit er ein typisk Palonen-figur: konfliktsky, feig og barnsleg, men på ein måte vi kan forstå. Vaksne folk er så hysteriske og overflatiske, og det er forløysande å sjå korleis Edit held seg eit steg unna alt mas om interiør og kva vekedagar det er greitt å ete smågodt. Opningssetninga i romanen er faktisk: «Jeg blir stående litt på avstand.»
Ufokusert
I romanens notid er Edit på hurtigruta på veg vekk frå Egil. Forfattaren sjonglerer elles mellom forskjellige tilbakeblikk. Eg slit med å følge med på tidslina, kva tid dei ulike hendingane skjer i forhold til notida. Heilskapen blir litt grautete.
I det heile er Mascarasøvn litt ufokusert. Vi sprett for fort frå post til post – Palonen hadde tent på å stå meir i ro, vi hadde blitt betre kjende med Edit slik og fått klarare bilete av situasjonane. Og så lurer eg på om det kunne vore kjekt for forfattaren å skrive, og for oss å lese, om noko anna enn kvardagen til den underlege, utilpassa unge kvinna som ikkje får til kjærleiken. No klarer eg nesten ikkje å skilje romanane hennar frå kvarandre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.