Bok
Litteratur og landskap
Tekstane Hallvard Kjelen har valt, utgjer fleire «tidslag».
Viadukten som ligg litt nord for Trofors stasjon på Nordlandsbanen, stod ferdig i 1938. Viadukten er bygd etter eit såkalla pendelpilarprinsipp.
Foto: Ukjend
Orkana forlag har nyss gjeve ut ei bok med tittelen Helgeland som litterært landskap av Hallvard Kjelen. I forordet seier forfattaren at miljø- og klimakrisa har vore ein viktig grunn til å skrive boka. Han har som utgangspunkt at litterære framstillingar av menneske og landskap og menneske i landskap speglar breie kulturelle førestillingar og er med på å forme desse førestillingane.
Landskap
Forteljingar har noko å seie for korleis vi forstår oss sjølve i verda, og for korleis vi forstår relasjonane til det som finst rundt oss, til dyra, elva, havet, skogen og fjella. Landskap speglar historia, lag på lag, så å seie. Kjelen jamfører dette med ein palimpsest, altså eit dokument som er brukt om att, slik at dei første tekstane er skrapa ut og nye er skrivne inn.
Palimpsest er ein god meta-
for; tekstane Kjelen har valt, representerer ei tidslinje frå 1830-talet til i dag, og slik utgjer dei fleire «tidslag». I ei innleiing slår forfattaren fast at hovudsiktemålet er «framstillinga av mennesket i naturen, framstillinga av økologiske samanhengar og undersøkinga av implisitte og eksplisitte haldningar til naturen og landskapet». Men omgrepet «litterære landskap» definerer han ikkje.
Natur og kultur
Helgelandsregionen set altså grensene for innhaldet i boka. Kjelen synest vere særleg opptatt av indre Helgeland og grenseområdet i aust, inn i svenske Västerbotten. Alle tekstane han analyserer, tematiserer forholdet mellom menneske og natur, mellom natur og kultur. Dei er sjangerovergripande, frå Iver Anker Helzens historisk-topografiske Ranens beskrivelse, over ein turistbrosjyre, ei reiseskildring og ein geologisk rapport, til fleire barnebøker (av Ivar Strompdal, Birger Jåstad og Lajla Stien).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.