Olivia er litt yngre enn Sander, hovudpersonen i Blå flaggermus, og teksten er litt lettare å lese i både direkte og overført tyding. Forteljinga er strukturert kring vekslinga mellom oddetalsveker her og partalsveker der.
Olivia bur éi veke hjå mamma, Bjørn og dei fire gutane hans, hunden Pølsa, gullfiskar og undulatar, før ho i neste veke er hjå pappa og Louise, der huset skin, luktar såpe og er stille. Ho tenkjer at livet er perfekt. Dei to heimane er to puslebitar som ho set saman til eit fint bilete. Problema oppstår når fleire bitar skal på plass i puslespelet. Ei ny jente i klassen og eit nytt søsken i magen til Louise passar kort sagt ikkje inn.
Framstillinga vekslar mellom ordvekslingar og tankereferat. Det er Olivia sjølv som fortel. Dialogane i familien og i klasserommet er vittige og hektiske. Avsporingane kjem frå alle kantar. Det skaper både kaos og komikk. Forteljinga står av og til i stampe, når såpass mange har noko dei skal ha sagt i teksten.
Linde peiker på fleire etiske dilemma i boka: Tydelegast er drøftinga av kva det vil seie å vere ærleg, mot seg sjølv og mot andre. Skal vi alltid seie det slik det er?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.