Film

Livet og Tiff

Det skadar ikkje at ein i mørkaste januar kan oppsøka den mørkaste landsdelen og sjå lyset, opptil fleire gongar.

Frå utstillinga på Aurora Kino.
Frå utstillinga på Aurora Kino.
Publisert Sist oppdatert

Det skal seiast: Eg forbinder filmfestivalar hovudsakleg med ei endelaus rekkje nedslåande, deprimerande, slag-i-magen-realistiske, opprivande filmatiske påminnarar om at verda går til helvete med sjumilssteg.

Kanskje eg berre har vore heldig, kanskje eg har styrt unna med vilje, kanskje filmprodusentar rundt om også har hatt behov for å formidla det lyse og det gode i menneska, men eg har aldri sett så mange oppløftande filmar på ein festival som dei på årets filmfestival i Tromsø. Gudane og menneska skal vita det har vore og er nok faenskap å ta av dei siste par åra, men i røynda, som på film, går sorg og glede side om side.

Å leva vidare

Det har ikkje skorta på dokumentarar og podkastar om Alta-saka, aksjonane for å verna Alta–Kautokeino-vassdraget og det vesle samiske samfunnet Masi. Men no har den originale regissøren Ole Giæver laga fiksjonsfilm av emnet, noko som ytst naturleg er valt til å vera årets opningsfilm på Tiff.

La elva leve (orig.tittel Ellos eatnu) klarar kombinera norsk folkeopplysning med underhaldning à la amerikanske borgarrettsdrama. Så er det heller diverre ikkje langt unna uretten svarte i USA opplevde til altfor langt opp mot og i notida, til liks med det samane har opplevd og opplever. Og for nokre skodespelarprestasjonar! Ikkje minst frå strålande Ella Marie Hætta Isaksen som nølande demonstrant, Ester og Gard Emil som syskenbarn og aktivist Mihkkal. Lukke til med å ikkje verta rørt og riven med!

Å leva ei stund til

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement