Livets dropar

Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.

Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Publisert

Tormod Hauge skriv merkelege bøker. Dei som kjenner forfattarskapen, kan i den siste boka hans finne att motiv og tema han har vore innom før: drifter og kjensler hos gutar og menn, gardsdrift og binding til jorda og til ætta. Forfattaren tar også gjerne med nokre overnaturlege element. Som andre utgivingar frå Hauglands hand er Sirenene ikkje enkel å «setje på formel».

«Eg hadde fått sett to logar [...]. Kva hadde eg lært om varme og kulde? Om reglar? Gift? Kva kunne eg om ormar og kva kunne eg om det å binda sår? Om jenter, kvinner, mødrer, fedrar?» Desse orda oppsummerer mykje av det eg-forteljaren Tormod balar med i boka, både på det ytre handlingsplanet og på innsida. Språket er gjennomført, ofte poetisk og med mytiske innslag, som i namna han gir personane sine.

Handlinga i boka går føre seg ei helg i «hundedagane», perioden frå slutten av juli til eit stykke inn i august. Frå gammalt er det knytt overtru til denne tida. Då eg var lita, sa farmor mi at namnet kom av at hundane leid ilt i varmen og difor kunne bli ville. Sidan har eg lært at det slett ikkje er dette som er opphavet til namnet, men stjerna Sirius som viser seg på himmelen no. Namnet betyr «liten hund».

Haugland har late førestillingane om at det kviler noko trolsk og uhellvarslande over årstida, spele med i handlinga. Merkelege ting skjer. Draumar og røynd glir saman.

Kvite kyr og huldrer

Tormod er odelsguten på ein stor gard med fedrift. Denne helga i byrjinga av august er foreldra vekke, og han er aleine om ansvaret. Ei kvige er blitt borte, og ikkje kva kvige som helst. Det er den gjæve og heilt kvite som ber namnet Piaf. Tormod går ut for å leite. I skogen kjem han over ei kvinne som er blitt ormebiten. Ho er redd og medteken. Han følgjer ho til hytta der ho bur saman med dotter si. Sjølv om ormebit sjeldan er farleg for menneske, blir kvinna skikkeleg sjuk. Huda blir blå. I hytta får Tormod tett kontakt med dotter til den sjuke. Underlege ting byrjar hende. Hytta brenn opp. Den ormebitne forsvinn i skogen. Ho er ikkje eit verkeleg menneske, får vi vite, og no går ho attende til skogen, til jorda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement