Musikk

Livlaus røre

Daft Punk har fjerna trommene frå eit ti år gamalt album, og resultatet er forferdeleg.

Publisert

Den franske housepopduoen Daft Punk gjorde seg populære ved å knabbe dei mest medrivande delane av mindre kjende soul- og discolåtar, slengje på nokre svære basstrommer og enkle vocodermelodiar, finne på nye songtitlar og kalle dei sine eigne. På Random Access Memories frå 2013 prøvde duoen seg på å skrive originalt materiale.

«There are many things I don’t understand», song dei på fjerdesporet. Det eg ikkje forstår, er kvifor Random Access Memories (Drumless Edition) eksisterer. Her er trommene fjerna frå albumet; resten er som det var.

Med denne trommelause utgåva greier Daft Punk å understreke kor lite nyskapande dei er, og at kvalitetane i musikken «deira» kjem frå arbeid andre har gjort: I tilfellet Random Access Memories var dette tydelegvis trommespelet til Omar Hakim, kjend for samarbeid med Sting og Weather Report, og John «J.R.» Robinson, som mellom anna spelte på Michael Jackson-plata Off the Wall.

No når han ligg så langt framme i lydbiletet, skjer lyden i den robotaktige vocodervokalen skikkelig i øyro; eg blir faktisk fysisk kvalm (det er sant). Psykisk kvalm blir eg av dei ufatteleg platte arrangementa – det som står att utan trommene, er den flataste og mest generiske etterlikninga av soul, disco og electropop som tenkjast kan. Det einaste musikalsk oppegåande som står att her, er Pharrell Williams’ vokal på «Get Lucky».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement