Film

Ljosglimt

Den store latinamerikanske filmfestivalen i Havanna er eit pusterom i ein mørk kvardag.

Filmen om Vicenta B. (Linnett Hernández Valdés) følgjer ei mor som mistar grepet då sonen dreg frå Cuba.
Filmen om Vicenta B. (Linnett Hernández Valdés) følgjer ei mor som mistar grepet då sonen dreg frå Cuba.
Publisert

Det har vore harde år på Cuba sidan førre fullverdige filmfestival i 2019. Inflasjon, varemangel, få turistar og politisk undertrykking dominerer. I staden for straumstans snakkar folk om ljosglimt, sidan store delar av øya har færre timar med straum enn utan. Den gjæve festivalen held stand, sjølv om talet på kinosalar er halvert og kinokøane er kortare. Inne i salane står framleis stemninga i taket.

Protestparadoks

Som før er det dei cubanske filmane det er knytt mest spenning til. Den mest omtala cubanske filmen i år er Vicenta B. av Carlos Lechuga, som er vist på store festivalar som Toronto og San Sebastian, men filmen står ikkje på programmet i Havanna.

Det cubanske filminstituttet støtta produksjonen, men leiaren deira, Ramón Samada, sa i eit intervju med Cubadebate at filmen var utelaten på grunn av kritikken regissøren stendig kjem med.

Filmen er særs fin. Han følgjer Vicenta, som spår folk i kort og mistar grepet når sonen fer frå landet. Trass i ein smakfullt subtil symbolsk kritikk ville Vicenta B. ikkje ha kome på pallen i konkurransen om å vere den mest kritiske cubanske filmen på festivalen i år.

Det paradoksale forholdet til sensur blir ikkje mindre av eit retrospektiv og ein film om dokumentaristen Nicolás Guillén Landrián, eit geni som blei kasta ut av filminstituttet og fekk mange av filmane sine forbodne i tretti år. Ein dokumentar om poeten Virgilio Piñera er òg på programmet. Han var lenge bannlyst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement