Bok
Løynde løyndommar
Prableen Kaur skriv om psykiske lidingar og livsmeistring i romandebuten.
Prableen Kaur har skrive sin første roman.
Foto: Pernille Marie Walvik
NRK-serien Jeg mot meg, der psykolog Peder Kjøs leiar samtalar mellom åtte unge vaksne, gir oss sterke innblikk i korleis det er å leve med angst og andre psykiske lidingar. I Prableen Kaurs skjønnlitterære debut får vi òg ta del i eit heilt ungt menneskes kvardag med sjølvforakt, etevegring og angst. Boka kunne vore eit slags vedlegg til TV-serien. Men forteljinga til Ilone i romanen skil seg frå dei åtte i TV-serien ved at vi aldri heilt får vite kvifor romanfiguren slit.
Bloggar
«Jeg skal fortelle deg noe. Da må du love ikke å si det til noen, for det er hemmelig.» Slik startar romanen. Først mot slutten går hovudpersonen Ilone bort frå å snakke til eit «du».
Vi får ei forteljing om eit semester på psykologistudiet ved Universitetet i Oslo, august–desember, med korte kapittel og nokre hopp tilbake til tid. Alt som handlar om fortid, er markert reint typografisk ved at teksten har ein annan farge, ein lillafarge. Denne neddusinga av teksten er eit artig grep som får meg til å tenke på gamle bilete, på sepia, og på filter vi kan legge på bilete, slik ein gjerne gjer for å markere tilbakeblikk i filmar. Den farga teksten får meg òg til å tenke på digital tekst, på bloggar, og på forfattarar, og bloggarar, som Linnéa Myhre og Linn Strømsborg, som òg har skrive fine, lettlesne eg-romanar om unge kvinner med psykiske utfordringar.
Ferdig med ting er krydra med mange referansar til klesmerke, sko, butikkjeder – ting – på ein måte som både peikar svært presis på notida, kritiserer materialismen og viser ein hovudperson som er opptatt av at «man må gjøre seg fortjent til bra ting», noko sjølvforakta hennar altså ikkje alltid tillèt henne å gjere.
Gåte utan svar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.