Film
Løyndom og løgner
Debuten til Brwa Vahabpour er løyen, lur og ujamn.
Medbuarane til Akam lurer på kor lenge onkelen hans skal bu i kollektivet.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Norsklæraren Akam (Azizpour) bur i kollektiv på Tøyen. Ei natt ringer onkelen Khdr (Agooshi) på. Kva han vil og kor lenge han blir, er uklart. Ein god kurdar spør ikkje.
Dei overraska og veldig norske sambuarane til Akam undrar på kor lenge onkelen med dei rare vanane blir. Tida går. Akam møter kjekke Elina (Brænne). Ho jobbar i Utlendingsdirektoratet. Han diktar ei historie i von om å forstå kva risiko det inneber å huse Khdr (eller Jens for nordmenn), som truleg held noko hemmeleg.
Kurdarane kjem
Regissør Brwa Vahabpour har markert seg med kortfilmar som Gjeteren (2018) og Granateple (2017), som båe vitna om ein stram forteljar med auge for kurdiske opplevingar i Noreg. I Onkel Jens får vi ferten av same teften.
Blandinga av språk er tankevekkjande og underhaldande. Akam kritiserer elevane sine for å blande inn engelske ord i norsktimen, men gjer det same sjølv på fritida. Og når han snakkar kurdisk, tyr han ofte til norske ord. Khdr er ikkje imponert. Kulturelle kodar i dei to kulturane Akam høyrer til, blir bretta ut med innsikt, varme og humor, men òg klisjear. Spelefilmdebutanten Vahabpour har sjølvtillit til å harselere jamt med det norske og det kurdiske.
Kurdarar står sterkt i norsk film. Den røynde regissøren Hisham Zaman hadde sist A Happy Day (2023) på kino. Zaradasht Ahmed vann ein av dei viktigaste dokumentarprisane i verda på IDFA i Amsterdam med Nowhere to Hide i 2016 og viser fine Løvene ved elven Tigris på Arabiske filmdager i Oslo denne veka. Halkawt Mustafa sjarmerte med El Clásico (2015), og Irasj Asanti finn ein ofte både framom og bak kamera.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.