Bok
Lukt av kristenmannsblod
Trolljegeren er basert på den norske filmen med same namn frå 2010. Trolltryggingstenesta slit med stramme budsjettrammer, sjefen har dessutan trøbbel på heimebane. Dottera Frida likar seg dårleg på skulen og oppfører seg deretter. Trolljegeren sjølv meiner laget treng forsterkingar, men løysinga blir ikkje heilt slik han har tenkt seg.
Filmen fekk overstrøymande mottaking då han kom ut for snart ti år sidan. Trolla høyrer heime i den norske folkekulturen. Gjennom spelefilmen fekk dei også ein etterlengta plass i den moderne populærkulturen. Giganten var på plass att i humorsatsinga Magnus på NRK sist vinter. Dette albumet hentar ny inspirasjon frå dei gamle norske folkeeventyra. Kristenmannsblod må skaffast i tønnevis for å vinne kampen mot kjempene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.